Her er programmet for hausten 2017!

Vi held fram med den sterke satsinga på ny, norsk dramatikk, i tillegg til at vi smeller i gang hausten med den etterlengta Broadway-suksessen The Book of Mormon.

Oversyn over heile repertoaret nedst i artikkelen!

Repertoaret spenner frå den store broadwaymusikalen til ei scenisk diktframsyning med utgangspunkt i myten om Herostratos. I tillegg kjem Stein Winge tilbake til Det Norske Teatret, og vi satsar også i haust stort på nytt norsk eventyrteater for barn på Hovudscenen med Snøkvit.