Den mangfaldige scenen: Audition 20.-21. januar!

Den mangfaldige scenen har opptak av nye barn og ungdom til teaterkurs og produksjonar i 2018.

Les om Den mangfaldige scenen

Opptaket skjer på bakgrunn av samtalar og audition 20.–21. januar i Nynorskens hus.

Er du interessert, kan du fylle ut og sende inn dette skjemaet. Frist for påmelding er 19. januar 2018. Dei som melder seg på får meir informasjon om oppmøtetidspunkt og opplegg.

Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret oppretta saman i 2007 «Den mangfaldige scenen – eit nytt norsk barne- og ungdomsteater”. Målet er å lage eit scenekunsttilbod

– der unge får ta i bruk og utvikle sine skapande evner
– som får fram nye kultur- og kunstuttrykk
– som gir plattform for framtidas kunstnarar og kulturarbeidarar
– som får nye grupper inn i teateret og som er med på å skape forståing og samarbeid mellom ulike kulturar