Debatt om andre verdskrigen

les meir om framsyninga

Vi tek dei sterke debattane om krigen med til scenen og inn i framsyninga Andre verdskrigen – natt i verda.

Andre verdskrigen er ei hending vi aldri blir ferdig med. Over 70 år etter krigens slutt kjem det stadig nye historier, nye bøker, filmar, debattar og forteljingar. For kvar ny generasjon blir historier om vondskap og heltedådar fortalde på nytt.

Som ein integrert del av kvar framsyning vil det vere ein ny debatt. I samarbeid med NRK Radioteatret inviterer vi journalistar, historikarar og forfattarar til å diskutere problemstillingar knytt opp mot temaet krig. Korleis ser verda ut no, 15 år etter angrepa på World Trade Center? Kva var grunnen til at dei norske jentene som forelska seg i tyske soldatar fekk strengare straff frå både samfunn og stat, enn dei som var aktivt med i NS? Kvifor er det største krigshandlingane i Noreg ukjent stoff for mange? Dette er nokre av spørsmåla Ole Torp, Eirik Veum og Trude Teige vil løfte fram i debatten under framsyninga Andre verdskrigen – natt i verda i haust. Panela vil variere frå gong til gong.
Debatten går føre seg midt i framsyninga, frå Hovudscenen.

HAUSTENS DEBATTAR

TEMA SØNDAG 11. SEPTEMBER: 15 ÅR ETTER 9/11

I samtalen: Sverre Diesen, Janne Haaland Matlary, Kristian Berg Harpviken og Ole Torp

11. september er det 15 år sidan åtaka på World Trade Center i New York. Kva har denne hendinga, og den stadig aukande terrortrusselen gjort med verdssamfunnet? 

Sverre Diesen er general, forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og tidlegare forsvarssjef.

Janne Haaland Matlary er professor ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare vore forskar ved Norsk utenrikspolitiske institutt (NUPI) og forskingsdirektør ved ARENA – Senter for europaforsking.

Kristian Berg Harpviken er direktør ved Institutt for fredsforsking (PRIO), sosiolog og forskar med spesialkompetanse på Afghanistan.

Samtaleleiar: Ole Torp er journalist og programleiar i NRK. Han har tidlegare vore korrespondent i Washington, D.C. og Beijing. Torp leiar no debattprogrammet Torp.

 

TEMA FREDAG 16. SEPTEMBER: LANDSSVIK – ELLER LANDET SOM SVEIK?

I samtalen: Bjørn Westlie, Terje Andreas Pedersen og Eirik Veum

Etter andre verdskrigen starta prosessane med å straffe dei som blei rekna som medløparar til okkupasjonsmakta. Desse prosessane var nådelause mot dei som kunne bli assosierte med Tyskland og nazismen. I ettertid har den norske stat gått ut og beklaga behandlinga enkelte grupper fekk. 

Terje Andreas Pedersen er historikar, lærar og forfattar. Han har gitt ut boka Vi kalte dem tyskertøser (2012) på Spartacus forlag. Boka tek for seg skjebnene til norske kvinner som forelska seg i tyske soldatar i tida under og etter okkupasjonen.

Bjørn Westlie er journalist, forfattar og historikar. Han har skrive fleire bøker om andre verdskrigen, mellom anna Fangene som forsvant: NSB og slavearbeiderne på Nordlandsbanen (2015). I 2008 kom den biografiske boka Fars krig. Her skriv han historia til sin eigen far, Petter Westlie, som var frontkjemper og nazist under krigen.

Samtaleleiar: Eirik Veum er journalist tilsett i NRK. Han har skrive bokserien Nådeløse nordmenn, om Statspolitiet, Hirden og Gestapo, på Kagge forlag. Hausten 2016 kjem boka Det svenske sviket. 1940-1945.

 

TEMA LAURDAG 1. OKTOBER: TYSKERJENTER OG SKYGGEBARN

I samtalen:  Anne Herresthal, Gerd Fleischer og Trude Teige

Dei braut inga lov, men straffa var likevel knallhard. Med freden kom hevnaksjonane mot kvinner som forelska seg i fienden – og barna deira. Dei såkalla tyskerjentene blei utsett for statlege overgrep, enkelte blei arresterte og internert i leire, andre mista jobb og barnebidrag. Fleire mista også statsborgarskapet. Den norske stat har aldri beklaga overgrepet.

Anne Herresthal er kulturhistorikar. Ho er prosjektleiar og fagleg ansvarleg for utstillinga «Forelsket og foraktet. Norske kvinner – tyske soldater». Utstillinga sto på Bymuseet i Oslo frå 2013-2016, er no på Ullensaker museum, og skal vidare ut i landet.

Gerd Fleischer er leiar for organisasjonen Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og er ein kjend representant for norske krigsbarn. Som barn blei Fleischer sjølv utsatt for diskriminering, vald og forfølging frå lokalsamfunn og den norske stat, grunna sin tyske far.

Samtaleleiar: Trude Teige er forfattar og tidelgare journalist i mellom anna TV2. Ho har gitt ut fleire bøker. I 2015 kom romanen Mormor danset i regnet, basert på faktiske personar og hendingar. Romanen fortel historia om ei kvinne som forelska seg i ein tysk soldat. Ho har også engasjert seg i samfunnsdebatten om behandlinga «tyskerjentene» fekk i etterkant av krigen.

 

TIDLEGARE DEBATTAR

Dette er debattar og deltakarar som tidlegare har vore med i framsyninga. Fleire av samtalane er tilgjengelege som podcast i iTunes og SoundCloud.

27. februar: Tema ekstremisme med debattleiar Åsne Seierstad. I panelet Tore Bjørgo og Faten Mahdi Al Hussaini.

4. mars: Tema motstandskamp med debattleiar Magnus Takvam. I panelet Arnfinn Moland, Terje Halvorsen og Alf Skjeseth.

11. mars: Tema å leve med krigen i ettertid med debattleiar Monica Csango. I panelet Bjørn Westlie, Benedicte Maria Orvung og Guri Hjeltnes

12. mars: Tema tysk etterkrigstid med debattleiar Magnus Takvam. I panelet Astrid Sverresdotter Djupvik, Knut Hoem og Torgeir Skorgen

18. mars: Tema krig og journalistikk med debattleiar Sigrun Slapgard. I panelet Sidsel Wold og Rune Ottosen

1.april: Tema krigsprofitørar med debattleiar Eirik Veum. I panelet Ketil G. Andersen og Mats Tangestuen

9. april: Tema antisemittisme med debattleiar Sigrid Sollund. I panelet Marte Michelet, Håkon Harket og Anne Sender

10. april. Tema kunst og krig med debattleiar Agnes Moxnes. I panelet: John McNicol, Erik Ulfsby og Lars Ramberg

17. april: Tema krigens vondskap med debattleiar Eirik Veum. I panelet Hans Fredrik Dahl og Arne Johan Vetlesen