Audition til Charlie og sjokoladefabrikken

Hausten 2019 skal vi setje opp CHARLIE OG SJOKOLADEFABRIKKEN, og vi er på jakt etter 2 gutar som skal alternere i rolla som Charlie Bucket. Du må vere mellom 10 – 12 år, synge godt og ikkje ha kome i stemmeskiftet enno.

Søknadsfrist 7. januar. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til audition i februar 2019.

Slik søkjer du (du må gjere begge delene):

1. Spel inn film av deg sjølv, max 2 min. og 30 sek. lang, som inneheld alle desse elementane:

  • Presenter deg sjølv med namn, alder og favorittgodteri
  • Syng «Willy Wonka!»-sangen – link finn du lengre ned på sida
  • Syng skalaen – link finn du lengre ned på sida
  • Last opp filmen her (ekstern side) – fyll inn namn og e-post på dropbox-sida før du lastar opp.

2. Fyll ut skjemaet nedst på sida og trykk «send inn».

Praktisk informasjon:

Merk at dette blir den einaste utlyste audition knytt til Charlie og sjokoladefabrikken. 

Prøvane startar 20. mai 2019, og framsyninga vil truleg spele til og med juni 2020.

Lurer du på noko rundt audition kan du kontakte silje.vinjar@detnorsketeatret.no

Det er enkelt å laste opp filmen om du f.eks filmer med mobilen din. Gå til linken via mobilen din, velg «last opp» og velg filmen frå mobilen din. Her er filene du treng til filmen – høgreklikk for å laste ned filene: