AUDITION TIL THE BOOK OF MORMON

No har du sjansen! Den mest omtalte og kritikarroste musikalen i dette hundreåret er klar for Noregspremiere. No søkjer vi etter skodespelarar.

The Book of Mormon handlar om to unge mormonarar, som på si første misjonsferd utanlands blir sende til Uganda.

Regissør: Vidar Magnussen. Koreograf: Johan Osuldsen. Musikalsk leiar: Lars Bleikli Devik.

Premieren er 2. september 2017 på Hovudscenen, og Det Norske Teatret søkjer dyktige, profesjonelle/nyutdanna, erfarne og interesserte musikalutøvarar og artistar til misjonsmarka – både dei som skal spreie ordet og dei som skal ta imot det.

VI SØKJER

Mannlege utøvarar som vil spele mormonske misjonærar i alderen 18 til 35 år.

Mannlege og kvinnelege utøvarar som vil spele landsbybebuarar frå Uganda i alderen 20 til 50 år.

Det blir audition på Det Norske Teatret i slutten av oktober.
Send søknad med CV, bilde og alder til audition@detnorsketeatret.no
Søknadsfrist: 1. oktober.

The Book of Mormon skal spele på Kilden i Kristiansand i 2018.