Årsmøte 2016 på Det Norske Teatret

Stabilt høge publikumstal, god økonomistyring og dristige val.

Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 24. april. For fjerde året på rad trekte Det Norske Teatret over 200 000 publikummarar til framsyningar og anna aktivitet i huset. Overskotet låg på 1, 3 millionar kroner. Denne stabiliteten i publikumsbesøket har lagt til rette for eit større kunstnarleg handlingsrom.

Det totale publikumsbesøket ligg på 220 357 (206 762).Teatret hadde eigne inntekter på 55 129 mill kroner (55 661 mill kr). Resultatrekneskapen viser eit overskot på 1 389 mill kroner (1 857).

At teateret når fleire og har stabilt høge inntekter er sjølvsagt positivt. Men enda viktigare er det at omlegginga til repertoarspel har gitt Det Norske Teatret fridommen til å ta dristige val som er avgjerande både for å vere nyskapande og for å utfordre seg sjølv og publikum. På alle scenane kan teateret no ta større risiko fordi det er mange nok framsyningar i repertoaret som kan overta dersom noko ikkje lukkast.

– Det Norske Teatret hadde heile 31 titlar på repertoaret i 2015. Grunnen til at publikum kan velje mellom så mange ulike framsyningar skuldast i all hovudsak god planlegging og dristige kunstnarlege val. Vi kan tillate oss å setje opp nyskapande og uventa dramatikk utan å måtte lene oss på publikumstal, seier teatersjef Erik Ulfsby. – Gjennom repertoarspel er det faktisk mogleg å setje opp Solaris korrigert på Hovudscenen og samtidig ha eit rekordhøgt samla besøk, seier Erik Ulfsby. – I tillegg har vi bana vegen for scenekunsttilbod på søndagar. I 2015 opna vi teaterhuset gjennom heile helga og publikum har følgd etter. Vi ønskjer jo å vere tilgjengeleg når publikum har tid.

På Scene 2 har teateret hatt eit år som ein knapt har sett maken til i teaterets historie. Godt over 30.000 besøkande har vore innom og fått med seg store suksessar i spennet mellom ny norsk dramatikk, russisk samtidsdramatikk og dei store klassikarane.

På Scene 3 held publikumsveksten utruleg nok fram, og i 2015 kunne vi telje over 15000 besøkande på den minste scenen vår.

Den best besøkte framsyninga i fjor var Halve kongeriket med 38 316 publikummarar med Sweeney Todd på neste plass med 18 277 besøkande. På Scene 2 er det dramatiseringa av Fugletribunalet av Agnes Ravatn som er mest besøkt med 6 865 publikummarar medan Are Kalvø framleis trekk mykje folk med Kalvø som er sett av 6 202. På Scene 3 er det framleis Det merkelege som hende med hunden den natta (2 591) som trekk flest folk, men Soga om Egil Skallagrimsson ligg like bak med 2 181 besøkande.

Etter val på årsmøtet har styret for L/L Det Norske Teatret denne samansetjinga: Nina Refseth (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum og Inger Lise Aarrestad Rettedal. Representantane frå dei tilsette blir klare i løpet av morgondagen.

 

LAST NED HEILE ÅRSMELDINGA FOR 2015