Ane Dahl Torp som Mor Courage

Det går ikkje stille for seg når Ane Dahl Torp for første gong skal synge frå teaterscenen. Ho gjer Mor Courage med gulltenner – slentrande og tøff – med black metal som lydspor. Korleis står det til med moralen hos den som er villig til å gjere nestan alt for å tene ein slant? Eit tysk kunstnarleg lag tar spørsmålsstillinga vidare. Gjeld det berre einskildmenneske, eller ser vi trekk ved moralen i heile samfunn som liknar den som hos Mor Courage?

MOR COURAGE OG BARNA HENNAR
PREMIERE FREDAG 13. FEBRUAR KL. 20.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I eit trashy og grått univers tronar trailerdronninga Mor Courage. Brechts innlagde songar blir denne gongen spelt av eit svartmetallband, som òg står på scenen. Komponist Morten Bergeton Iversen, meir kjend for mange som Teloch, er gitarist i band som Mayhem og Nidingr. Han har laga eit støyande, men stemningsfullt musikkbilde, etter regissørens ønske; krig er nemleg bråkete. Dette er definitivt ei ny musikalsk utfordring for alle. I tillegg til Ane Dahl Torp står Kaia Varjord, Pål Christian Eggen, Eivin Nilsen Salthe, Oddgeir Thune, Joachim Rafaelsen og dansaren Therese Slob på scenen.

Krig er pengar

Det er 30 år med krig. Mor Courage reiser rundt med campingvogna og tuskhandelen sin, sel drikkevarer, våpen og det ho får tak i til soldatane og krigsherrane bak frontlinene. Ho gjer så godt ho kan for at ho og dei tre barna hennar skal overleve. Ho kjenner krigens vesen, veit kva tid ho bør selje og kva tid ho bør vente, så varene hennar stig i verdi. Ho er villig til å gjere nær sagt alt for å tene pengar. Men krigen set henne stadig på moralske testar der pengar og det å overleve blir sett opp mot det å redde liv. Går det an å leve av krigen, utan å sjølv bli offer for den, både fysisk og moralsk? Kva tyder i så fall dette for oss nordmenn, som mellom anna lever av oljepengar og sal av våpen? Er vi også krigsprofitørar? Er krig eit premiss for det kapitalistiske systemet?

Tysk stjernelag

Det Norske Teatret har henta inn eit heiltysk kunstnarleg lag til å setje i scene denne Brecht-klassikaren. Lars-Ole Walburg er teatersjef ved Staatstheater Hannover. Han er ein anerkjent regissør som har sett opp ved Burgtheater og Schauspielhaus i Wien, i Zürich, ved Münchener Kammerspiele og fleire andre store teater i det tyskspråklege Europa. Med seg har han sin faste scenograf Robert Scweer, kostymedesignar Nina Gundlach og lysdesignar Heiko Wachs.

Store sko å fylle

Sist Det Norske Teatret sette opp Mor Courage og barna hennar, hadde Liv Ullmann tittelrolla (1986). Denne gongen er det Ane Dahl Torp som skal bryne seg på denne interessante karakteren frå verdsdramatikken og får dermed si andre store Brecht-rolle på få år. For rolla som Shen Te i Det gode mennesket frå Sezuan fekk ho Heddaprisen i 2012, og innsatsen blei omtalt som den beste sceneprestasjonen hennar nokon gong.