Ane Dahl Torp i framtidsfabel

WAT vul aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?
Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig ser inn i framtida gjennom Øyvind Rimbereids framtidsfabel. Den katastrofen som er ein realitet i Solaris korrigert er komen gradvis, skritt for skritt. Det same veit vi skjer i dag.

SOLARIS KORRIGERT
PREMIERE FREDAG 16. OKTOBER KL. 20.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Kva er vi i ferd med å gjere med jorda vår? Kor vil dette føre oss i framtida? Øyvind Rimbereids framtidsvisjon frå år 2480 stiller eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål.

Foto på prøvene på Solaris korrigert. Foto: Siren Høyland Sæter.

Foto på prøvene på Solaris korrigert. Foto: Siren Høyland Sæter.

Framtidsspråk og virtuell verkelegheit

I Solaris korrigert er hovudkarakteren «aig» (Ane Dahl Torp) i ferd med å flytte under havoverflata, til tørrlagte oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, rør, slangar og hydraulikk, mens verda omkring i aukande grad blir omsett til eit digitalt spegelbilde. Det minner om trekk vi ser rundt oss i dag, der både jobb, offentlegheit og sosial kontakt flyttar stadig meir over i virtuelle rom. «Aig» fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar frå dagleglivet slik det framstår i år 2480. Språket er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen. I løpet av dei 11 åra etter utgjevinga har fiksjonen så smått begynt å hente inn verkelegheita.

Jorda som vi kjenner den er for øydelagd og usunn til å leve på. Løysinga er å flytte til ein «mirrorvorld», der «pictographics» blir skapte av ein datamaskin, heilt etter kva kvar enkelt ønskjer å sjå og oppleve. I denne virtuelle verkelegheita får også alle skapt ein perfekt modell av seg sjølv. Ingen treng å jobbe.

Men kva skal kjærasten Shiri, som er fotograf, gjere der nede? Vil modellen av «aig» leve vidare, også etter at «aig» er død? Og kva hender om sjefdatamaskinen krasjar?

Høyr smakebit

Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp samarbeider igjen. Foto: Siren Høyland Sæter.

Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp samarbeider igjen. Foto: Siren Høyland Sæter.

Kunstprosjekt på Hovudscenen

Ekteparet Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig har tidlegare gjort stor suksess med å bringe dikt til teaterscenen. For snart to år sidan hadde dei premiere på Haugtussa , som framleis står på repertoaret. Denne gongen har dei med seg regissør Peer Perez Øian, som har vist at han kan turnere også dei store scenene, sist med den kritikarroste oppsetjinga av Tjue tusen sider. Videodesignar Roger Gihlemoen har animert ein avatar av Dahl Torp som blir projisert som eit hologram på scenen og lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen tek i bruk det som finst av lyseffektar for å skape eit stort, poetisk rom. For å binde det heile saman har musikar og komponist Miljeteig laga eit scifi-inspirert elektronisk lydteppe. Han har henta inspirasjon frå gamle heltar i Kraftwerk og musikken til filmen Brazil. Solaris korrigert tek i bruk heile teaterrommet og alle Hovudscenens tekniske fortrinn. Det er med andre ord langt frå ei ordinær diktframføring, teksten blir sett inn i ei storstilt kunstramme.

Anes avatar blir til

Sjå korleis videodesignar Roger Gihlemoen og Ane Dahl Torp jobbar for å skape ein perfekt «suplikat-aig». Avataren blir så projisert i ein «holoboks» inne på Hovudscenen.

Les meir