Amerikansk stjerneregissør gjer Edda

Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er regissøren endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange – vår eigne norrøne mytologi.

EDDA
TEKSTAR FRÅ EIN VERSJON AV JON FOSSE
REGISSØR: ROBERT WILSON
URPREMIERE LAURDAG 4. MARS KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Å realisere Edda har bydd på utfordringar som har fått dei kreative avdelingane ved teateret til å strekkje seg lenger enn det dei trudde var mogleg, og det mytologiske universet i Edda vil truleg ikkje likne noko av det ein førestiller seg. Kostyma er laga av lær, paljettar, pytonslangar, krokodilleskinn og skum, scenografien førestiller alt frå Gokstadskipet til vulkanar, Yggdrasil, isfjell, Fenrisulven og Midgardsormen. Indiebandet CocoRosie, ein duo som eksperimenterer i krysninga mellom kunst, musikk og performance, har spesialkomponert musikk til framsyninga. I kontrast til dette har Wilson også med musikk frå samtidskomponisten Arvo Pärt, kjend for eit meir minimalistisk lydbilde.

FEST FOR AUGET

Edda er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda – dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet – men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke. Dette er teater som dyrkar teatrets eigenart til fulle. Wilson er kjent for sine stiliserte og konsentrerte sceniske allkunstverk der lys, scenebilde og musikk går opp i ei høgare eining. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. Referansane i oppsetjinga er mange, og Det Norske Teatret er stolt over å kunne invitere til ei teateroppleving av dei sjeldne.

Edda er eit samarbeid med Unlimited Performing Arts og blir samprodusert med Aarhus Teater. Framsyninga gjestar teatret hausten 2017 i samband med at Aarhus er europeisk kulturhovudstad i 2017.