Alan Lucien Øyen gjer Lars Norén

For karakterane i Som lauvet i Vallombrosa er livet tomt, men vinglasa fulle. Alan Lucien Øyen, ein av våre mest spennande nye regissørar, har brynt seg på ein av nestorane innan skakk-køyrde familierelasjonar; Lars Norén.

SOM LAUVET I VALLOMBROSA
av Lars Norén
PREMIERE LAURDAG 25. MARS KL. 17.00
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

I Som lauvet i Vallombrosa observerer Norén samtida med humorisktisk svartsyn. I ein Tsjekhovsk setting; eit sommarhus ved havet, møtest ein familie for siste gong før huset skal leggjast ut for sal. Under den lyse sommaridyllen boblar år av undertrykte kjensler. Den eldste i familien slomrar seg gjennom dagane – kanskje like mykje av livstrøyttheit, som av aldersdomsplagar, mens dei vaksne barna anstrenger seg lite for å skjule sine antipatiar for kvarandre. Dårlege forsøk på triveleg passiar blir snart overdøyvd av etsande sarkasmar. Sårande skuldingar fyk som skarpe skot mellom søsken og ektepar medan dei kryp stadig lenger ned i skyttergravene sine.

Det nye mot det gamle

Kjensla av undergang ligg som ein vibrerande tone i sommarregnet. Den unge dramatikaren (Morten Svartveit) vil gjere opprør mot alt beståande, mens den middelaldrande dramatikaren (Gard Skagestad) innser at han aldri har kunna skrive eller har produsert noko av verdi. Den modne skodespelarinna (Heidi Gjermundsen Broch) merker alt at karrieren er på hell, og kjemper med nebb og klør for å opprettholde bildet av seg sjølv som ein suksess. Den unge skodespelarinna (Marie Blokhus) har nyleg kome ut frå eit opphald ved eit sinnsjukehus etter å ha gjort brakdebut i Måken av Tsjekhov, men kjem truleg aldri til å stå på ein scene igjen. Og heile tida døyr fuglar nede på stranda i oljesølet.

Koreograf med teaterblod

Regissør Alan Lucien Øyen er ballettdansar i botnen, og har mellom anna vore huskoreograf ved Nasjonalballetten. For over ti år sidan byrja han skrive eigne teatertekstar, og i 2014 vann han Heddaprisen for beste scenetekst med stykket Coelacanth. Tidlegare i vår sette han opp Olaug Nilssens Stort og stygt ved DNS. Dette er hans andre teaterproduksjon basert på andres dramatikk.