Akerselva, du gamle og grå

Kva kan Oskar Braatens tekstar seie oss om forholda i Oslo – eller for den del Noreg – i dag? Ein heil del, meiner regissør og ensemblet bak Elva som deler byen.

 

ELVA SOM DELER BYEN
PREMIERE LAURDAG 26. SEPTEMBER KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Det er først og framst humanismen i Oskar Braatens tekstar som har fenga regissør Harry Guttormsen og skodespelarane i arbeidet med å velgje ut tekstane som spegler Oslo før og no. Dei presise karakterskildringane, omtalen av dei sosiale forholda og armoden er full av både humor og kjærleik. Og er overraskande almengyldig. Her finst framleis fattigdom, for den som vil sjå den.

Oskar Braaten skreiv om forholda i arbeiderklassen i Oslo på byrjinga av 1900-talet. Om svolt, sjukdom, barn utanfor ekteskapet – men også om samhald og solidaritet. Det meste av handlinga er sentrert i området rundt Akerselva, der dei fleste både arbeidde og budde.

Elva gav grobotn for industri og arbeidsplassar. Akerselva skapte mykje, men delte byen. Gjennom kjende og mindre kjende tekstar av Braaten reflekterer denne framsyninga korleis Akerselva framleis, 150 år seinare, deler Oslo. På andre måtar enn da, men Akerselva er framleis eit identitetskompass.

Elva-som-deler-byen-Akerselva

Deler elva byen?

Finst det sosiale skilje mellom austkanten og vestkanten i Oslo? Dei fleste som bur i byen vil nok meine at det er forskjell. Dette kan like gjerne dreie seg om identitetskjensler som sosioøkonomisk status. Debatten rundt dette har vore frisk dei seinare åra, spesielt i samband med utgivinga av Heidi Marie Krizniks pamflett Den delte byen i vår.

Her er John Olav Egeland kommentar i Dagbladet.
Her er forfattar Yngve Kveines kronikk om den delte byen.
Erik Nordbø og Kristin Clemet i Civita hevdar at Oslo ikkje er ein delt by i ein kronikk her.
Her er Aftenposten om T-banelinja gjennom Oslo.
Skodespelar Kadir Talabani frå Elva som deler byen om å vekse opp på austkanten her.