Årsmøtet 2015

Over 200 000 publikummarar for tredje året på rad

Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 26. april. For tredje året på rad trakk Det Norske Teatret over 200 000 publikummarar til framsyningar og anna aktivitet i huset. Det er første gongen i teatrets historie vi kan vise til ein slik stabil publikumsinteresse.

Gjennomgangen av 2014 vitnar om god planlegging kombinert med varierte tilbod, og særleg gledeleg er det at resultatet er så sterkt i eit år med få turnerande framsyningar. Vi ser òg at Scene 2 og Scene 3 med sine smalare titlar kan notere seg for rekordhøge tal. Det totale publikumsbesøket ligg på 206 762 (219 249).Teatret hadde eigne inntekter på 52 723 mill kroner (39,399 mill kroner). Resultatrekneskapen viser eit overskot på 1 857 mill kroner (eit underskot på 339 000 kroner etter skatt for 2013).

Teatret er stolt over å nå slike gode publikumstal i eit år som for alvor har etablert Det Norske Teatret som eit fullverdig repertoarteater. Enkelte veker har teatret hatt opptil 10 titlar som publikum kan velje blant og mange framsyningar har fått eit langt liv i repertoar.

– Vi har hatt eit høgt ambisjonsnivå og tilsvarande aktivitet. Det har prega Det Norske Teatret gjennom 2014. Det er naturleg å trekkje fram Scene 3 som blir ein stadig viktigare arena, både for Det Norske Teatret og for norsk teater som heilskap. Her får ei stor mengd skodespelarar og regissørar mulegheiter og publikum møter tekstar og konsept som blir sette opp utan tryggingsnett. Sidan etableringa i 2011 har besøkstalet femdobla seg, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Den best besøkte framsyninga i fjor var Spelemann på taket med 49 273 publikummarar, med Brørne Løvehjarte på neste plass med 22 071 besøkande. På Scene 2 er det nydramatiseringa av Trost i taklampa som er mest sett med 10 270 selde billettar. Kalvø (5 359) og Hamlet (4 483) var òg sterkt etterspurd og står framleis på repertoaret. På Scene 3 var det særleg Det merkelege som hende med hunden den natta (4682) som trakk folk, men òg Haugtussa (2 408) og Av måneskin gror det ingen ting (1 567) trekte fulle hus. Dei to første titlane står framleis på repertoaret.

– Det Norske Teatret har eit stabilt høgt publikumstal og gode inntekter. Likevel står teatret framføre store utfordringar. Vi ser at utviklinga av pensjonspremier er vanskeleg å føreseie, og dei veks meir enn inntektene. Held utviklinga seg, vil teatret om kort tid få negativ likviditet, seier styreleiar Nina Refseth. – Vi ser på alle mulege tiltak for å trygge vilkåra for drifta og organisasjonen har vist seg endringsvillig- og sterk.

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Nina Refseth (styreleiar), Steinulf Tungesvik (attvald som nestleiar); Åsne Havnelid, Marit Reutz, Shahzad Rana, Ola E. Bø og Finn Kirkeby.

Last ned årsmeldinga 2014

For meir informasjon:
Nina Refseth, styreleiar, Det Norske Teatret // Mob: 416 00 701.
Astrid Driva Rødsand, direktør, Det Norske Teatret // Mob: 481 85 004.