Teateret-sett-fra-gata

Vennelaget

Venner av Det Norske Teatret vart skipa i 1946. Alt frå starten var framståande kulturpersonlegdomar med, som til dømes Johan Falkberget, Sigurd Evensmo, Sparre Olsen, Tarjei Vesaas, Inge Krokann, Arnulf Øverland og Dagfinn Werenskiold.

Medlemer av Vennelaget er med på å gje stønad til Det Norske Teatret på ymse vis, deltek i ulike arrangement og på teater/kultur-turar i inn- og utland, og får tilsendt oppdatering om det som skjer på teatret.

Stønad til teatret

Vennelaget deler kvart år ut stipend til kunstnarar og andre som arbeider ved Det Norske Teatret. Dessutan har det gjeve stønad til ulike einskildprosjekt, og mange av målaria i teaterfoajeen er gåver frå Vennelaget.

Billegare billettar

Som medlem får ein rabatt på teaterbillettar!

Medlemmer kan kjøpe 2 billettar med ca. 30% avslag på alle ordinære framsyningar på Det Norske Teatret. Ved gjestespel kan andre reglar gjelde.

Du får i tillegg invitasjon til å kjøpe 2 billettar med ekstra stor rabatt til eigne Vennelagskveldar på alle nye oppsetjingar på Hovudscenen. Billettane kjøper ein i billettluka eller på nettet når ein er innlogga med brukarnamn/passord.

Kultur- og teaterturar

Minst ein gong i året arrangerer Vennelaget turar. Vi har vore på vitjing i andre teater omkring i landet, og har hatt store felles teateropplevingar på spela på Stiklestad, Golå, Røros og Sel, og på Festspela i Bergen. Det har også vore turar til forfattarheimar, som Bjerkebæk på Lillehammer, Midtbø i Vinje, Knudaheio på Jæren, Mårbacka i Värmland og Aulestad i Gausdal. Reisene våre går også til utlandet, Reykjavik, Orknøyane, London, København, Stockholm, Gøteborg, Värmland og Dalarna er stader som er blitt besøkt dei siste åra.

Arrangement på teatret

Medlemene samlast iblant på teatret til møter og festar, der vi får utgreiingar om komande oppsetjingar eller om framsyningar vi nettopp har sett, og gjerne med programinnslag frå kunstnarar ved teatret.

Styret

Styret for Vennelaget blir valt av årsmøtet i laget, og arbeider lønlaust. Leiar er for tida Britt Mo Nummedal.

Bli medlem

Det kostar 400 kr. i året å vere medlem, og medlemskapen gjeld i 12 månader frå innmelding. Ved fornying blir 12 nye månader lagt til utlaupsdatoen.

Som medlem har du fulle rettar på årsmøtet i Vennelaget, og du vil få tilsendt informasjon frå teateret i posten.

Velkomen som medlem i Vennelaget for Det Norske Teatret!

E-post: vennelag@detnorsketeatret.no

Vennelaget