Ungdomskortet

TEATERINTERESSERT MELLOM 15 OG 25 ÅR?
– FÅ BILLETTAR TIL SUPERPRIS MED UNGDOMSKORTET!

 

Registrer deg i skjemaet under og få teaterbillettar til 120-150 kroner.

Dersom du verver ein venn, skriv inn ditt eige namn og telefonnummer i feltet nedst.
Om du blir verva av ein venn som alt har Ungdomskortet, skriv inn namn og telefonnummer til vennen din.

Få ungdomskortet

Velkommen som brukar av Ungdomskortet!

FAQ:

KVA ER UNGDOMSKORTET?

  • Ungdomskortet er eit gratis medlemskap for deg mellom 15 og 25 år.
  • Du får billettar til alle ordinære framsyningar for berre 120-150 kr.
  • Du får invitasjon til eksklusive møte med skodespelarar og regissørar, prøveframsyningar, spesialtilbod og innblikk bak scenen.
  • Du får 50% rabatt på teaterprogram.
  • Du får kaffi/kaffe latte + mjølkerull til 30,- i Løve Bar & Restaurant.
  • Du får tilbod og konkurransar.

Medlemskapen har du f.o.m. året du fyller 15 år t.o.m. det året du fyller 25 år. Rabatten gjeld for 1 person ved kjøp av billettar på nett. Medlemskapen gjeld ikkje for skolebestillingar og gruppebestillingar. Hugs å ta med legitimasjon saman med billetten når du kjem til framsyninga.

KORLEIS FÅR EG TAK I BILLETTAR?

Når vi har registrert deg som medlem får du brukarnamn og passord tilsendt frå oss på e-post.
Når du loggar deg inn med brukarnamn og passord vil billettsystemet kjenne deg att og du kan kjøpe 1 billett til medlemspris pr. framsyning. Hugs å logge deg inn før du veljer plass! (Er det fleire medlemmer som vil sitte saman er det lurt å notere seg plassnr. så nestemann kan velje plass ved sidan av.)

EG FÅR IKKJE TILGANG TIL Å KJØPE BILLETTAR PÅ NETT

Dersom du registrerer ein kundeprofil på deg sjølv på nettet, blir ikkje brukarnamnet knytt til medlemsnummeret ditt, og du vil ikkje få tilgang til spesialprisane!

KOR FÅR EG INFORMASJON OM ARRANGEMENT FOR UNGDOMSKORTET?

Arrangementa blir varsla på e-post, sms eller på facebook. Nokre arrangement er meir eksklusive og har påmelding med kortare fristar. Følg med på e-post og Facebook-sida til Ungdomskortet for å sjå kva arrangement du kan delta på.

SPØRSMÅL?

Spør oss på ungdomskortets Facebook-side eller send ein e-post til ung@detnorsketeatret.no