Spørsmål og svar

Her finn du svar på vanlige spørsmål vi får.

Eg finn ikkje bestillinga mi når eg loggar inn på Mi side. Kva er feil?

Om du har fått bestillingsnummer tilsendt i ein e-post som stadfester at betalinga har gått gjennom, men likevel ikkje finn billettane, kan det skuldast at du har fleire profilar med den same e-postadressa. Kontakt oss på publikumsservice@detnorsketeatret.no, så hjelper vi deg.

Eg finn ikkje billettane i innboksen min. Kan eg få dei tilsendt på nytt?

Avsendar står som donotreply(@)detnorsketeatret.no med «Stadfesting av ordrenr (……) » i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til publikumsservice@detnorsketeatret.no.

Vi gjer merksam på at det ikkje er mogleg å sende dei same billettane to gonger. Om du har sletta eller mista e-posten med billettane, kan du ta med ordrenummeret og få ny utskrift i billettluka på framsyningsdagen.

Kan eg ha e-billetten min på mobilen?

Du kan ha e-billetten på mobilen når du viser i døra – men om du har mange billettar er det fint om du skriv dei ut heime.

Kor får eg kjøpt gåvekort?

På telefon, på heimesida vår og direkte i billettluka.

Kor mange billettar kan eg kjøpe per Obos-kort?

Du får to billettar til redusert pris med OBOS-rabatt.

Kor tidleg må eg vere ute for å hente billettane før framsyning?

Er billettane betalte har du inga hentefrist, men vi anbefaler at du er her ca 15-20 minutt før framsyning da det kan vere ein del kø i billettluka.

Er det redusert pris på billettkjøp rett før framsyning?

Nei.

Kan eg bestille billettar med scenekort på nett?

Nei, scenekortbillettar må bestilles over telefon eller direkte i billettluka.

Kan eg bestille billettar med fylgjekort på nett?

Nei, billettar med ledsagerbevis må bestilles over telefon eller direkte i billettluka.

Kan eg bestille billettar med rullestolplass på nett?

Nei, rullestolplass bestiller du over telefon eller direkte i luka.

Kan eg reservere billettar?

Ja, du kan reservere billettar i ei veke frå den dagen du bestiller.

Kor lenge varer framsyninga?

Dette varierer frå framsyning til framsyning, og du finn informasjonen på den enkelte framsyningssida. Ofte veit vi ikkje kor lang ei framsyning blir før den har hatt premiere.

Eg er honnør. Får mannen min også honnørrabatt da?

Nei, honnørrabatten er personleg.

Kvifor er det ikkje barnepris på barneframsyningar?

Dette er fordi barneframsyningar har ein generelt lågare pris.

Eg har gløymt att noko på teateret – kven skal eg kontakte?

Send ein e-post til publikumsservice@detnorsketeatret.no så kan dei sjekke om vi har det du har gløymt.

Har de IR-anlegg?

Det er IR-anlegg på alle scener, kontakt publikumsvaktane våre for å låne mottakarapparat.