Kom på innsida!

Opplev Noregs største og mest moderne teaterhus frå innsida. Bli med på omvising!

Omvising

Er du nysgjerrig på kva som skjer på eit teater bortsett frå teaterframsyningar? Vi organiserer populære omvisingar der du får oppleve ein travel og spennande teaterkvardag.

Vi tek imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar. Pris for skoleelevar er kr 80 per person. Om gruppa er på mindre enn 10 personar, gjeld ein fast pris på kr 800 for skolegrupper.

Ei omvising tek om lag 1 time.

For bestilling kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no

Veldig godt organisert. Dei tilsette hadde god kontroll på elevane og opplegget var spennande og lærerikt.

Tilbakemelding frå lærar på omvising

Vanvittig gode instruktørar med stort engasjement og stålkontroll. Imponerande!

Tilbakemelding frå lærar om omvising

Opplev Noregs største teater frå innsida!

Det står mykje rart på sidescenen.
Det står mykje rart på sidescenen.
Bli med inn på kostymeavdelinga!
Bli med inn på kostymeavdelinga!
Ein artig hatt frå kostymelagret?
Ein artig hatt frå kostymelagret?