Skoleaktivitet-spelemann-på-taket-våren-2014

Skoleaktivitetar

DEL TEATERGLEDA MED ELEVANE DINE!

Det Norske Teatret ønskjer å vere eit godt alternativ for skolar som vil ta elevane med på teater. Vi har sterkt reduserte prisar på alle våre framsyningar for elevgrupper, studiemateriell til for- og etterarbeid, eigne matinéframsyningar, og formidlingsaktivitetar som aktualiserer teateropplevinga. Her finn du haustens tilbod til skolar.

Som lærar kan du bli teaterkontakt for skole! Da får du informasjon om skoletilbod og -aktivitetar, og invitasjon til prøveframsyningar på e-post. Skriv til skole(@)detnorsketeatret.no, eller meld deg på nedst på denne sida.

For spørsmål eller bestilling av framsyning og skoleaktivitetar, ta direkte kontakt med skoleansvarleg, Erlend Tårnesvik Dreiås, på erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no / 22 47 38 72, eller ta kontakt med billettluka på telefon 22424344.

pafuglane-dansar-til-rom-musikk

FAMILIEMUSIKAL PÅ HOVUDSCENEN

19. november er det premiere på familieframsyninga Påfuglen. Dette er ei fargerik, humoristisk og musikalsk fengande framsyning som som også tematiserer kor vanskeleg det kan vere å skulle leve saman. I dag lever vi tettare på andre kulturar, religionar og folkeslag. Framsyninga syner med brodd og humor korleis det å komme nærare kvarandre kan verke både skremmande og tiltrekkande.

NIVÅ: Passar for barn frå 6 år.

PRIS: For elevgrupper (10+) er det 175 kr per billett, med ein fribillett til lærar per 15. elevbillett.

STUDIEMATERIELL: Til denne framsyninga lagar vi to filmar som du kan bruke i undervisninga. Den ein filmen handlar om teater generelt, og ein kikk inn i teaterkvardagen. Intervju med mellom annan skodespelar, regissør, scenograf og musikar. Den andre filmen tek for seg tema som blir tatt opp i framsyninga: Urettferd, utanforskap og kulturmøte. Trykk HER for å sjå filmane.

UTSTILLING I FOAJEEN: I speleperioden til Påfuglen vil utstillinga Først og fremst barn stå i foajeen i 1. høgda på teateret. Utstillinga er eit samarbeid med Redd Barna.

Korleis er det å leve delar av barndommen sin i asylmottak? Kva tenkjer barna om eigen situasjon, kva draumar har dei, kva har dei å fortelje oss? Dette er nokre av spørsmåla fotograf Rebecca Jafari søker svar på i fotoutstillinga Først og fremst barn. Gjennom bilde og tekst får vi eit innblikk i barndommen til barn som søker asyl i Noreg.

Utstillinga er ein del av Redd Barna sitt arbeid for å betre kunnskapen om korleis barn i asyl har det. Det bur i dag over 6000 barn på asylmottak i Noreg; ein tredjedel av desse barna har budd der i meir enn tre år.

OMVISING I UTSTILLINGA: For skoleklassar som skal på Påfuglen, er det mogleg å få omvising i utstillinga av fotograf og formidlar Rebecca Jafari.

Skriv til skole(@)detnorsketeatret.no for å bestille omvising i utstillinga.

kvifor ny-bilde

TEMATIME: KVIFOR NYNORSK?

Som det einaste institusjonsteateret i landet som berre spelar på nynorsk, inviterer vi skoleklassar til ein tematime i nynorskens teiken. Høyr dramaturg, omsetjar og språkkonsulent Ola E. Bø og Det Norske Teatrets historieskrivar Alfred Fidjestøl fortelje om Det Norske Teatret si historie, kulturkamp og nynorsk som scenespråk.

Nivå: Passar særleg for 10. trinn, vidaregåande skolar, høgskole og universitet.

Når: ta kontakt for moglege datoar.

Pris: 50 kr per elev for tematime

jakob-og-neikob-uttrykk-framsyningSJÅ FRAMSYNING PÅ DAGTID

Vi spelar dagframsyningar for skolegrupper. 

Jakob og Neikob – tysdag 31. januar kl. 12.00

Jakob og Neikob – torsdag 02. februar kl. 12.00

Jakob og Neikob – tysdag 28. februar kl. 12.00

Romeo og Julie – måndag 15 mai kl.  12:00

NIVÅ: Romeo og Julie anbefalar vi for 10. klasse og VG 1-3. Jakob og Neikob passar for barn frå 3 år.

PRIS: For elevgrupper (10+) på Romeo og Julie, Fugletribunalet og Songfuglen er prisen 150 kr per billett, med ein fribillett til lærar per 15. elevbillett.

Bestill billettar til skolegruppe på skole(@)detnorsketeatret.no

dnt-backstage-eggen-i-kostyme-

OPPLEV DET NORSKE TEATRET FRÅ INNSIDA!

Er du nysgjerrig på korleis Noregs største og mest moderne teaterhus ser ut frå innsida? Vi organiserer populære omvisingar der du får oppleve ein travel og spennande teaterkvardag.

Vi tar imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar. Pris for skoleelevar er kr 60 per stk.
Om gruppa er på mindre enn 10 personar, gjelder ein fast pris på kr 600 for skolegrupper. Ei omvising tar om lag 1 time.
For bestilling kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no
Romeo-og-Julie-på-Det-Norske-Teatret-2016-v2

Verdas mest kjente og tragiske kjærleikshistorie, Romeo og Julie, har premiere 5. mars 2016.

PAKKETUR TIL OSLO

Planlegg du Oslo-tur med klassen? Ønskjer du eit tverrfageleg og kulturelt program? Det Norske Teatret, KS Besøkssenter og Engineerium (Aker Solutions) har skreddarsydd eit to-dagars program for klassar på Oslo-tur, med interaktiv læring i norsk, samfunnsfag og realfag.

PROGRAM

Program dag 1:

Realfag: Besøk Engineerium og spel Engineering Challenge.

Norsk: Sjå ei framsyning på Det Norske Teatret, til dømes Romeo og Julie.

Program dag 2:

Samfunnsfag: Besøk KS Besøkssenter og spel Kommunespelet. Inkluderer gratis lunsj.

Det er mogleg å snu på rekkefølgja for besøk på Engineerium og KS Besøkssenter, i tillegg til å lage opplegg for heile trinn. Du kan også velje kva for framsyning de vil sjå på Det Norske Teatret.

 

 

PRAKTISK INFORMASJON

Pris: Skoler betalar kun for teaterbillettane, med store skolerabatter. Besøka på Engineerium og i KS Besøkssenter er gratis.

Reservasjon: Ta kontakt for å finne ein aktuelle dato. Skriv til undervisning(@)detnorsketeatret.no

 

OVERNATTING

Det er inngått ein avtale med Anker hotellkjede om gunstige prisvilkår for klassar som har bestilt pakketur til Oslo. Prisar frå 200 kr pr person/natt.

Vis til skolepakka ved bestilling:
Anker Apartment  Book her: aa@anker.oslo.no
Anker Hostel        Book her: bookinghostel@anker.oslo.no
Anker Hotel          Book her: booking@anker.oslo.no

 

OM SAMARBEIDET

Pakketur til Oslo er eit unikt samarbeid mellom partar i næringslivet, kommunesektoren og kulturlivet for å skape eitt breidt kultur- og læringsutbytte for elevar på besøk i hovudstaden. Gjennom deltaking, teateropplevingar og digitale plattformar leikar elevane seg gjennom realfag, estetiske fag og lokaldemokratiske prosessar. Tilbodet oppfyller fleire læreplanmål mellom anna realfag, norsk og samfunnsfag.

Logo til Det Norske Teatret

BLI TEATERKONTAKT FOR SKOLE!

Det Norske Teatret skal vere

  • eit teater med eit høgt utvikla tilbod innan skoleformidling
  • ei serviceinnstilt kunnskapsbedrift som kombinerer levande formidling av repertoaret med fagleg gode verktøy
  • i aktiv dialog med skolane

For å få fortløpande informasjon på e-post, registrer deg som skoleteaterkontakt.