Portrett av Preben Hodneland

Preben Hodneland

(f. 1986) studerte ved skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2011 til 2014. Han har også studert ved Complete Vocal Academy i København og William Esper Studio i New York. Etter endt utdanning har han vore knytt til fleire store institusjonsteater før han i 2018 vart fast tilsett ved Det Norske Teatret.

Her har han gjort roller som Mercutio i Romeo og Julie, Raskolnikov, Edouard i Valdens historie, Erlend i Kristin Lavransdotter, Eldste McKinley i The Book of mormon og Asle i Tid for glede. På film og tv har han gjort sentrale roller i Når jeg faller, Heksejakt, Furia og no sist i kinosuksessen Konvoi.

Preben Hodneland mottok Heddaprisen for beste mannlege skodespelar for rolla som Raskolnikov (2019) og prisen for beste mannlege medspelar for rollene som Eldste McKinley i The Book of mormon (2017) og Asle/David i Tid for glede. (2021)

For tida aktuell i Einkvan - og Hedda Gabler til hausten.

Aktuell med

Portrett av Einkvan

Einkvan

Torsdag/ 25. apr. 2024/ 19:30
Rolle
Kjøp billett
Portrett av Hedda Gabler

Hedda Gabler

Laurdag/ 07. sep. 2024/ 18:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2022 Tid for glede Eit eg/Eit anna eg
2022 Kristin  Lavransdotter Erlend
2022 Kransen Erlend
2022 Husfrue Erlend
2022 Korset Erlend
2021 Min venn romvesenet Roy
2019 Oslo Terje Rød-Larsen
2019 Raskolnikov
2018 - 2019 Macbeth Macbeth
2017 Valdens historie
2017-2019 The Book of Mormon Eldste McKinley
2016 Romeo og Julie Mercutio