Portrett av Hilde Olausson

Hilde Olausson

gjekk ut frå elevskolen ved Det Norske Teatret i 1981, og har sidan vore fast tilsett ved teateret.

Ho har spelt eit utal framsyningar i ulike sjangrar, som m.a. Faust, Privattimen, Ordet, Bikubesong, Vår Vesle, Den knuste krukka og Den siste kongsfesten. I tillegg var Olausson knytt til Trøndelag Teater i 5 år, med roller i m.a. Vildanden, John Gabriel Borkmann og Cabaret. Ho har òg medverka i ulike filmar, som Elling av Ingvar Ambjørnsen, i 22 July som mor til Breivik og Møterommet av Ellen Ugelstad. Hilde skriv òg dramatikk og har sett opp tre eigne skodespel; Stjerna, Ja, eg er en tiariker og Jul i Prøysenland.

Aktuell som Tenestejente i Frost.

Aktuell med

Portrett av Roberto Zucco

Roberto Zucco

Onsdag/ 03. apr. 2024/ 19:30
Rolle
Madam / Mora til Jenta / Kvinne i parken
Kjøp billett
Portrett av Frost

Frost

Laurdag/ 06. apr. 2024/ 14:30
Rolle
Tenestejente, mfl.
Kjøp billett
Portrett av Einkvan

Einkvan

Torsdag/ 25. apr. 2024/ 19:30
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2023 Sporv og engel
2023 Sluttspel Nell
2022 Into the Woods Lucinda, Oskepotts stesyster
2022 Marjas jord Praskovja Grisjina
2022 Bror
2022 I desse dagar Dama med katten/ Radiostemma
2021 Arne Næss og  fjellets løyndom
2021 Dekameronen 2021
2020 Bestialitetens historie Den russiske ambassadrisa
2020 Kirsebær­hagen Charlotta Ivanovna
2020
2019-2020 Charlie og  sjokolade­fabrikken Miss Green, Ompa Lompa m.fl.
2019 Den knuste krukka Fru Birgitte
2018 Vår vesle Monica, mor til Mari
2018 Den siste kongsfesten
2017 Faens nisse! Ingrid
2016 åstaddikting
2016 Songfuglen Levona, vakt
2016 Frukost i det grøne Fru Tepan, soldatens mor
2015 Brand 5. korist