Woyzeck-ny-cut-745x265.jpg

Woyzeck

Eit musikalsk mareritt. Skittenvakkert og ekspressivt. Slik er det når to legender møtest i haustens storsatsing på Hovudscenen.

«Dette er enda en svær forestilling fra Det Norske Teatret!» VG
«en fremragende forestilling som sier all verden om elendighet før og nå» Aftenposten
«Sterkt om svakhet» Dagbladet
«Woyzeck er en usedvanlig sterk og spennende start på høstsesongen» Klassekampen

Tom Waits, mannen med den mørke og raspande stemma og Georg Büchner, det unge geniet som i 1837, i ein alder av 23 år, skreiv eit av dei mest fascinerande verka i det moderne teatrets historie. Denne versjonen av Woyzeck blei uroppført på Betty Nansen Teatret (København) i 2000, ei storhending som heile teater-Europa følgde med spenning. Robert Wilson hadde regien slik han hadde det da han saman med Waits laga den første såkalla art musical’en The Black Rider for Thalia Theater (Hamburg) i 1995. The Black Rider hadde Noregspremiere på Det Norske Teatret 3 år seinare (regi Carl Jørgen Kiønig), med Lasse Kolsrud i hovudrolla – ei framsyning som det framleis blir snakka om. Robert Wilson er ein av verdas mest kjende regissørar, og hadde si første regioppgåve i Noreg da han sette opp Peer Gynt på Det Norske Teatret i 2005.

Samfunnskritikk og svart humor
Woyzeck er eit marerittaktig fragment bygd på ei sann historie frå Leipzig i 1821, om ein soldat, Johann Christian Woyzeck, som drap kjærasten sin. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner den desperate soldaten. Det er ei samfunnskritisk historie som syner kva fattigdom og ein håplaus livssituasjon kan få eit menneske til å gjere. Dei forkvakla karakterane i Woyzeck grip begjærleg ein kvar sjanse til lukke - om berre for ei lita stund - å gløyme den miserable røyndomen dei lever i.

Tråkka på av alle
Hans Rønningen spelar Franz Woyzeck, som i den daglege kampen for å overleve, sel kropp og sjel til tvilsame medisinske eksperiment. Fysisk og psykisk øydelagt blir Franz paranoid, og da han oppdagar at kjærasten er utru, tek stemmene i hovudet over og han drep henne. Kven har skulda for drapet? Var det ho sjølv, som stod i med tamburmajoren? Var det legen som nytta han i medisinske eksperiment og som gjorde han psykisk ustabil? Var det tamburmajoren, som forførte kjærasten? Var det kapteinen, som stadig trakka på sjølvkjensla hans? Eller var det Woyzeck sjølv? Kor høg moral kan ein kreve av dei som står lågast på samfunnsstigen? Vi minnest Brechts ord frå Tolvskillingsoperaen; at først kjem maten, og sidan kjem moral.

Wilson fortalde meg om denne hundsa soldaten som blei utsett for medisinske eksperiment og som sakte blei galen av å ete erter. Han finn ut at kona er utru. Han kuttar strupen på henne og kastar kniven i vatnet, hoppar etter og druknar. Seinare blir barnet hans tatt vare på av landsbyidioten. Eg sa, OK, eg er med. Du hadde meg med frå «kutta strupen på henne».
Tom Waits

BAKSNAKK introduksjon
I Bikuben. Gratis inngang.
22. oktober og 29. oktober kl. 20.00
Gir dramaturg Mari Moen ein introduksjon til Woyzeck.

23. oktober kl. 20:00
Gir Helge Jordheim, professor ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved Universitetet i Oslo, ein introduksjon til Woyzeck.

WOYZECK from Det Norske Teatret on Vimeo.

WOYZECK from Det Norske Teatret on Vimeo.



Woyzeck

Premiere:
29.08.2014
Scene:
Hovudscenen
Speletid:
Ca. 1 time og 25 minutt (ikkje pause)
Pris:
Kr 465

av Georg Büchner

I ein versjon av Robert Wilson, Tom Waits og Kathleen Brennan

Omsetjing: Jon Fosse

Regissør:
Lasse Kolsrud
Scenograf og kostymedesignar:
Kari Gravklev
Koreograf:
Sigrid Edvardsson
Dramaturg:
Mari Moen
Lysdesignar:
Torkel Skjærven
Lyddesignar:
Jostein Reistad
Inspisient: 
Per Berg-Nilsen
Sufflør:
Torill Steinlein
Maskør:
Nina Bloch
Rekvisitør:
Tone Bernhoft Osa
Kostymekoordinator:
Line Antonsen
Scenemeister:
Stian Næss
Lysmeister:
Per Willy Liholm

Musikarar:

Kapellmeister/tangentar:
Svenn Erik Kristoffersen
Treblås:
Nils Jansen
Trommer:
Christian Svensson
Cello: 
Kjersti Rudsaa
Gitarar:
Mats Grønner
Messinginstrumentar:
Atle Hassel
Bass:
Kristian Edvardsen

Sponsorar:

makingwaves3