Spelemann-slideshow1.jpg

Spelemann på taket

Verdas vakraste musikal?
I år er det 47 år sidan Lasse Kolstad for første gong kom inn på scenen med kjerra si som mjølkemannen Tevje i denne ikoniske musikalen. Dagens Tevje, Pål Christian Eggen, har vist seg verdig til å overta draumen til Tevje og songstrofa som blei Kolstad sitt varemerke; «Om eg var ein rik mann…». I lag med kona, Golde, har han fem døtrer å ta seg av. Fem døtrer som skal bli godt og rikt gifte, og aller helst etter den jødiske tradisjonen, som står i fare for å gå i oppløysing. Det er ikkje berre ei moderne tid som trugar, men også tsaren, som prøver å utrydde den jødiske landsbygda og den jødiske kulturen. Den vesle landsbyen Tevje budde i låg like utanfor Kiev i dagens Ukraina, ein del av ein livskraftig jødisk kultur som det ikkje lenger var plass til.




Ny versjon
Regissør og teatersjef Erik Ulfsby og resten av det kunstnarlege teamet har grave djupt i den jiddiske tradisjonen og den særeigne jødiske klezmer-musikken for å få inspirasjon til eit både fargerikt og samtidig uttrykk som kler Spelemann på taket og understrekar tematikken i stykket. Ein enkel og effektiv scenografi rykker forteljinga ut av ei forkloristisk fortid og inn i meir dagsaktuell ramme.

Spelemann på Det Norske Teatret
Spelemann på taket har vore sett opp på Det Norske Teatret to gonger før, i 1968 og 1987. 1968-versjonen blei ein av dei største publikumssuksessane i Det Norske Teatrets historie med 284 framsyningar og 130 906 besøkande. På turné i Noreg året etter blei framsyninga vist 51 gonger, og endå 25 802 fekk oppleve Lasse som Tevje.

Bakgrunn
Spelemann på taket hentar stoffet sitt frå dei vemodig-muntre forteljingane til den russisk-amerikanske forfattaren Sholem Aleichem. Historiene om den verkelege mjølkemannen Tevje, i eit aust-jødisk landsbysamfunn, blei dramatisert av Joseph Stein med songtekstar av Sheldon Harnick og musikk av Jerry Block. Framsyninga hadde urpremiere på Broadway i 1964.

Sholem Aleichem
Forfattaren Sholem Aleichem blei fødd i Russland i 1859 som Solomon Rabinovich, og døydde i New York i 1916. Han skreiv forteljingar på jiddisk, var dramatikar og humorist. Han blir rekna som ein av dei mest originale jiddiske forfattarane og er kjent for sine triste og ironiske noveller og forteljingar om livet i små, jødiske landsbyar. Og mest kjent er han for forteljingane om den evig optimistiske mjølkemannen Tevje med dei gifteklare døtrene.



Spelemann på taket

Premiere:
26.03.2014
Scene:
Hovudscenen
Speletid:
2 timer 50 min (ink. pause)
Pris:
Kr 530

av Joseph Stein
Songtekster: Sheldon Harnick
Originalmusikk: Jerry Bock
Omsetjing: Hartvig Kiran

Regissør:
Erik Ulfsby
Musikkansv. / musikkarrangør:
Atle Halstensen
Scenografi:
Nora Furuholmen
Kostymedesignar:
Ane Ledang Aasheim
Koregraf:
Belinda Braza
Lysdesignar:
Ola Bråten
Statistar:
Halvor Aurlien
Morten Bjørn-Hansen
Erlend Olaisen

Sponsorar:

makingwaves3