Bikubesong-slideshow-1.jpg

Bikubesong

Ønskereprise med dei originale karakterane i murboligen
Midt i industristaden Odda, ligg «Murboligen»; ei bustadblokk som konkurrerer med dei bratte fjella som stuper ned i Sørfjorden. Der let forfattaren Frode Grytten ulike skjebnar spela seg ut og veva seg saman i den fleirstemte, fargerike og prisløna romanen Bikubesong. Den var igjen grunnlaget for Lasse Kolsruds dramatisering og oppsetjing.

I jubileumsåret 2013 har Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret bestemt seg for å pusse støvet av ein av dei største suksessane nokon sinne i Scene 2s historie, nemleg Bikubesong. Teaterframsyninga stod på programmet i over tre år, og Kolsrud fekk både Kritikarprisen og Hedda-juryens debutantpris.«...både personer og handling har samme treffsikkerhet i dag» meinte VG etter nypremieren og trilla terningkast fem no som for ti år sidan.

Frodige karakterar
Vi synest det passar å jubilere med å møte att karane på ølstova «Smeltaren». Her finn vi Martini med sine fantastiske historiar, Partisekretæren med sin tragikomiske 1. mai-entre og Lilly, den reddande engelen, og Harry, kåra til årets gjennomsnittsnordmann av VG og Gerhardsen med sin evige tørste og… og…. eit herleg galleri av heilt vanlege uvanlege folk. Og ikkje minst forteljaren M (for Morissey). Avsett postmann og blodfan av kultbandet The Smiths. Frode Gryttens originale og frodige karakterar frå Murboligen i Odda blir hausten 2013 sendt på turne i samarbeid med Riksteatret.

Frå suksessroman til suksessteater
Bikubesong har musikk, humor og varme. Liv kryssar og grip inn i kvarandre; kjærleik, vennskap, kranglar og underlege typar. Stykket gjev innblikk i liva til vanlege menneske busette i ein murbolig i Odda, men historia kunne like gjerne ha gått føre seg ein stad i Hallingdal. Framsyninga er basert på Frode Gryttens suksessroman med same namn. Da boka kom ut, blei ho raskt ein publikumsvinnar. Frode Grytten henta heim ein Bragepris og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Romanen er sett saman av 25 forteljingar som alle handlar om det fargesterke typegalleriet i ein murbolig i Odda.

Kvardagsunivers i miniatyr
Regissør Lasse Kolsrud har bearbeidd stoffet, gjort eit utval av historier og fargerike karakterar, tråkla det saman til ei forteljing for scenen og krydra det med musikk. Gjennomgangsfiguren er M; The Smiths-fan og avsett postmann. Alminnelege arbeidsfolk, rike direktørar og pussige bygdeoriginalar får plass i denne skildringa av eit kvardagsunivers i miniatyr. Murboligen kviler aldri. Nokon er alltid vakne, ikkje alt toler dagens lys.

Skodespelarar, eit band og ein hund
Bikubesong var Lasse Kolsruds debut som regissør. Han har med seg eit sterkt skodespelarlag på 18 personar til å fargeleggje livet i industristaden inst i Sørfjorden. I tillegg er ein hund med i ensemblet. Ei sentral rolle i framsyninga spelar òg låtane til The Smiths, framførte av eit tre mann sterkt band.

Framsyninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Det Norske Teatret og Riksteatret.

Speleliste med songane frå framsyninga:

Bikubesong

Premiere:
12.04.2013
Scene:
Hovudscenen
Speleperiode:
12.04.2013-00.00.0000
Speletid:
2 timar 40 min ( inkl. pause)

av Frode Grytten
Dramatisert av Lasse Kolsrud 
I samarbeid med Riksteatret

Regissør: 
Lasse Kolsrud
Dramaturg:
Cecilia Ölveczky og Ola E. Bø
Scenograf:
Bård Lie Thorbjørnsen
Kostymedesignar:
Ane Aasheim
Lysdesignar: 
Ingrid Tønder
Lyddesignar:
Jostein Reistad

Sponsorar:

makingwaves3