The-Black-Rider.jpg

The Black Rider

Det er sein vinterkveld. Saman med nokre hundre andre vandrar eg i kalde storbygater. Vi er stille. Vi er på veg bort frå ei opplevingvi har hatt saman. Men vi ber det med oss. Vi har vore i Tom Waits og William Burroughs verd. Vi har sett The Black Rider.

Vi ber det med oss. Der og da veit eg ar eg har funne ei oppleving eg vil dele med deg. Det er sjeldan eg har gjort eit kunstnarleg val med så stor sjølvtillit. Eg trur vi alle treng ei reise inn i dette landskapet.

Eit merkeleg landskap. Eit overraskande landskap. For nokon eit ukjend landskap. Og nett det ukjende og uventa er det teatrets oppgåve å presentere. Ha ei fin reise, skriv Vidar Sandem i programmet.



The Black Rider fortel den klassiske historia om mannen som inngår tvilsame avtalar med djevelen. Om å ta val, om å selje sjela si og om det å vere avhengig, anten det er av pengar, kjærleik eller narkotika? 

Det siste er eit velkjent tema hos beat-forfattaren William S. Burroughs (Naken Lunsj), som saman med Tom Waits har skrive tekstane. Tom Waits\\\\" stemningfulle musikk, som varierer frå opera til kabaret, dannar ramma om stykket. Dei originale songtekstane blir bevarte i den norske oppsetjinga. 

Wilhelm og Kätchen
Wilhelm er ein bokhaldar som vil gifte seg med Kätchen. Ho er dotter til ein gammal skogvaktar som ønskjer seg ein dyktig jeger til svigerson, ikkje ein kontorist. Ein skyttartest skal avgjere om Wilhelm er god nok. Problemet er at Wilhelm ikkje eingong kan treffe ei utstoppa ku før ein mystisk skapning med trebein kjem til han i skogen. Trebeinet gir han 7 magiske kuler. 6 av dei treffer alt Wilhelm siktar på, men den sjuande tilhøyrer djevelen...

The Black Rider byggjer på ei gammal tysk vandrehistorie, Der Freischütz, som i Carl Maria von Webers opera med same namn. William Burroughs og Tom Waits har saman med Robert Wilson skapt ein fantastisk versjon i tråd med stemninga i det 20. hundreåret, der leik og fantasi står side om side med blodig alvor.

The Black Rider vart første gong spela i 1990 på Thalia Theater i Hamburg, og har sidan hatt stor suksess verda over.

Myten William S. Burroughs
I magasinet det norske skriv Jón Sveinbjørn Jónsson: "Myten William S. Burroughs skapte om seg sjølv, var hans måte å takle verda på etter at han drap kona si, Joan Vollmer Adams, i 1951.

Burroughs trengde pengar og ville selje eit våpen, ein 380 Star Automatic, men kjøparen var ikkje heime da Burroughs kom. Men det var ein fest gåande på staden, og kona hans var der. "På tide med Wilhelm Tell-greia vår", skal han ha sagt, full, og ho, like full, skal ha ledd og plassert glaset på hovudet. Han skaut. Glaset fall uskadd i golvet, men Joan vart skoten gjennom tinninga.

"De skjønar, nokre kuler er esla for eit bestmet mål. Ein bestemt bukk eller ein bestemt person. Ei slik kule treffer berre det ho vil treffe", som det heiter i The Black Rider.

Djevelen var i høyeste grad til stede i dette merkelige, ja unike teaterstykke om jakt og våpen, kuler og krutt, rus og narkotika, kjærlighet og hat. Djevelen dirigerte det hele , med sine løfter til dem som solgte seg til ham. Men noe helsvart stykke var det slett ikke - tvertom var det noe av det festligste, morsomste, spenstigste jeg har sett. Noe i høy grad nytt. Noe overraskende, uforutsigbart. Var det en musikal? Ikke bare. En opera-parodi? Det og - og fantastisk morsom som sådan. Et skuespill om det gamle,tyske sagn om Friskytten som traff alt han siktet på fordi fordi han hadde gitt seg selv til Den Onde? Eller et forskrudd moderne stykke om sann moral og virkelig umoral i det samfunn vi alle lever i? «The Black Rider» var alt dette, og mere til: En ny og utrolig engasjerende teaterform, sa Yngvar Ystvedt i NRK P2

Regien er ved Carl Jørgen Kiønig, scenografien ved Pekka Ojamaa, lysdesign er ved Hans-Åke Sjøqvist og Un-Magrit Nordseth har koreografien.

På rollelista er Lasse Kolsrud, Hallvard Holmen, Ingrid Jørgensen, Åsleik Engmark, Gjertrud Jynge, Ståle Bjørnhaug, Paul Åge Johannessen, Sverre Solberg, Kari Rasmussen, Trond Teigen med mange fleire.

The Black Rider

Premiere:
04.09.1998
Scene:
Hovudscenen

THE BLACK RIDER

The casting of the magic bullets  

av Robert Wilson, Tom Waits 
og William S. Burroughs 

Produsert første gongen ved Thalia Theater, Hamburg, Tyskland 1990

Til norsk ved
Ola E. Bø
Bearbeidd av
Carl Jørgen Kiønig

Regi:
Carl Jørgen Kiønig
Scenografi:
Pekka Ojamaa
Koreografi:
Un-Magritt Nordseth
Regiassistent:
Inger-Lise Langfeldt
Lysdesign:
Hans-Åke Sjøquist
Maske:
Nina Bloch/Torild Bratten
Lyd:
Igor Zamarajev

Forlag:
Nordiska Strakosch Teaterförlaget

Foto:
Jamie Parslow

ANNA INFORMASJON

Musikalsk ansvarleg
EGIL MONN-IVERSEN
Musikalsk assistanse
SVEIN JOHANN OSE
Musikalsk innstudering
KARI STOKKE

Orkesterleiar:
SVENN ERIK KRISTOFFERSEN

I orkesteret:
SVENN ERIK KRISTOFFERSEN/
TROND LINDHEIM/
TORHILD FIMREITE
 tangentinstrument
HELGE SUNDE
basun/tuba
TONE REICHELT
horn/didjeridoo
ROLF MALM
klarinettar
ARNE HELLAND
fagott
STIG OVE OSE
bratsj
SVEIN JOHANN OSE
sag/mandolin/ukulele
PER LØBERG
kontrabass/el.bass
GUNNAR AAS
slagverk

William Burroughs
 

Sponsorar:

makingwaves3