20110901-AmbrahamsBarn-0084_nw.jpg

Abrahams barn

For sjette sesongen på rad står Svein Tindberg framleis stødig åleine på scenen i framsyninga som vann Heddaprisen for årets beste teaterframsyning i 2012.
Framsyninga er ein dialog mellom kristne, jødiske og muslimske tekstar og har gitt religionsdebatten nytt liv. Tusen år gamle tekstar blir levande og aktuelle. Alle tre religionane; jødedomen, kristendomen, og islam, gjer krav på Abraham som stamfar, og det har det vore mykje strid mellom dei tre religionane. Men er det ikkje eigentleg den same historia fortald på tre ulike måtar?
Gjennom historie, historier og heilag tekst fortel Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansen om tre religionar; om likskap og ulikskap.

Tre religionar - ei bok
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne.

Konfliktfylt
Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

Svein om arbeidet
- Å lage ei sceneforteljing om ein av grunnsteinane i den menneskeskapte kulturen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane. - Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

PÅ SCENEKANTEN:
Møt skodespelar Svein Tindberg på scenekanten rett etter framsyning.
Du kan møte Svein Tindberg etter alle framsyningane på Scene 2, bortsett frå laurdag 15. mars.

Abrahams barn

Premiere:
09.09.2011
Scene:
Hovudscenen
Speletid:
2 timar 30 minutt inkl. pause
Pris:
Kr 390

av Svein Tindberg
Omsetjing av utvalde tekstar: Ola E. Bø

Regissør:
Kjetil Bang-Hansen
Scenograf:
John-Kristian Alsaker
Lysdesign:
Ola Bråten
Dramaturg:
Ola E. Bø

Sponsorar:

makingwaves3