Kafe Løve

"Løvemat til stående ovasjoner!"
Dagsavisen 24. september 2011
"Lovande løve" (Terningkast 5)
Dagbladet 27. oktober 2011
”Et glitrende måltid”
Aftenposten Aften 27. oktober 2011
Kafe Løve ligg i 1. høgda i vår nye foajé. Frå lunsj til sein kveld finn du ein stor og brei meny med kontinentale smørbrød, franskbrasseri og botnsolid á la carté. Bak det nye serveringstilbodet står dei kjende kokkane Tore Namstad og Kjell-Arne Johnsæter, begge med brei erfaring frå fleire kjende restaurantar i Oslo. Dei driv også Kafe Oslo i Litteraturhuset.
Opningstider Kafe Løve
Måndag: 11:00 – 16:30 ( 17:00 )
Tysdag – torsdag 11:00 – 22:00 ( 23:30 / 00:00 )
Fredag – laurdag 11:00 – 22:00 ( 01:30 / 02:00)
Tidspunkta ovafor viser når kjøkenet stengjer. (I parentes tidspunkta for siste drikkebestilling og når dørene blir låste.)
Nedlastbar meny
Bestilling
Telefon 22 47 39 70
e-post This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Boblar med noko attåt
Eit godt glass musserande vin og noko attåt i baren før framsyning? Eit glas musserande vin og 3 munnfullar med spekemat, ost og reker. Dette for kr. 115 (med Ringi eplemost; kr. 90)
Ønskjer du eit fullt måltid i Kafe Løve før eller etter framsyning, ta kontakt på
tlf. 22 47 39 70
Selskap/Arrangement
Det store kulturhuset vårt blir besøkt av mange som set pris på teater av høg kvalitet. Stadig fleire ser kva som er mogleg å få til med Det Norske Teatret som arena når det gjeld pleie av kundar og tilsette, opplæring, kick-off, produktpresentasjonar, julebord, sommarfest, jubileumsfeiring og alle andre typar arrangement.
Kvart arrangement hos oss er unikt og skreddarsydd for å sikre kvalitet og suksess. Vi vil arbeide for å nå dei mål, behov og ønske de som kunde har. Det gjer vi ved å delta aktivt i prosessen frå starten av og by på vår kompetanse og våre idear.
Ta kontakt no!
