"Alt som skrive står er lygn og forbanna dikt."
Jon Fosse

Kafe Løve

kjkkensjef3-550

"Løvemat til stående ovasjoner!"
Dagsavisen 24. september 2011


"Lovande løve" (Terningkast 5)
Dagbladet 27. oktober 2011


”Et glitrende måltid”
Aftenposten Aften 27. oktober 2011

Kafe Løve ligg i 1. høgda i vår nye foajé. Frå lunsj til sein kveld finn du ein stor og brei meny med kontinentale smørbrød, franskbrasseri og botnsolid á la carté. Bak det nye serveringstilbodet står dei kjende kokkane Tore Namstad og Kjell-Arne Johnsæter, begge med brei erfaring frå fleire kjende restaurantar i Oslo. Dei driv også Kafe Oslo i Litteraturhuset. 

 

Ordinære opningstider Kafe Løve:

Måndag:                     11:00 – 16:30 (17:00)

Tysdag – torsdag        11:00 – 20:00  (00:30 / 01:00)

Fredag – laurdag        11:00 – 22:00  (02:00 / 02:30)

Tidspunkta ovafor viser når kjøkenet stengjer. (I parentes tidspunkta for siste drikkebestilling og når dørene blir låste.)

Nedlastbar meny

Nettsidene til Kafè Løve

 

 

Bestilling

Telefon 22 47 39 70

e-post  This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Boblar med noko attåt

Eit godt glass musserande vin og noko attåt i baren før framsyning?  Eit glas musserande vin og 3 munnfullar med spekemat, ost og reker. Dette for kr. 115 (med Ringi eplemost; kr. 90)

Ønskjer du eit fullt måltid i Kafe Løve før eller etter framsyning, ta kontakt på

tlf. 22 47 39 70

Selskap/Arrangement

Det store kulturhuset vårt blir besøkt av mange som set pris på teater av høg kvalitet. Stadig fleire ser kva som er mogleg å få til med Det Norske Teatret som arena når det gjeld pleie av kundar og tilsette, opplæring, kick-off, produktpresentasjonar, julebord, sommarfest, jubileumsfeiring og alle andre typar arrangement.

Kvart arrangement hos oss er unikt og skreddarsydd for å sikre kvalitet og suksess. Vi vil arbeide for å nå dei mål, behov og ønske de som kunde har. Det gjer vi ved å delta aktivt i prosessen frå starten av og by på vår kompetanse og våre idear.

Ta kontakt no!