Praktisk informasjon

Vi gler oss til å sjå deg i salen! Her er litt praktisk informasjon som kan vere til hjelp.

Lurer du på noko meir, så ikkje nøl med å ta kontakt!
(Kontaktinfo nedst på denne sida)

Komme hit

Det Norske Teatret ligg midt i Oslo sentrum, like ved Karl Johans gate og Stortinget.
Adressa er Kristian IVs gate 8.

Beste måten å komme hit på, er å gå, sykle, ta T-bane, trikk, tog eller buss.
Næraste trikkestopp er Tinghuset.
Næraste T-banestasjonar er Stortinget eller Nationaltheatret.
Næraste togstasjon er Nationaltheatret.

Parkering

Køyrer du bil, kan du parkere i Sentrum P-hus, innkøyring ved Munchs gate og Hammersborgtunnelen (Ring 1).
Det finst også HC-parkeringsplassar på andre sida av gata for teateret i Kristian IVs gate.

Skal du til Rommen Scene?
Den ligg i Groruddalen. Les meir her!

Overnatting

Det er mange hotell like rundt hjørnet for Det Norske Teatret:
Bondeheimen

Hotell Bristol

Savoy

Grand

Scandic Grensen

Du kan også prøve Showpakker, som inkluderer teaterbillett og overnatting i eitt!

Svolten?

Det Norske Teatrets eigen Løve Restaurant & Bar held ope før kvar framsyning, og har fått god omtale i Aftenposten fleire gonger. Her kan du ete tre rettar og rekke teater med god margin.
Klikk her for å bestille bord.
Vi har også kafe i første høgda med enkel servering og god kaffi. (frå kl. 08.00 - 15.00 måndag-fredag)

Det er også andre bra mat-tilbod rett rundt hjørnet, både i Kristian IVs gate og i Karl Johans gate.

Førebu deg før du kjem i teateret!

Nokre synest teateropplevinga ofte kan bli betre dersom dei har litt kjennskap til framsyninga på førhand. Vi har mange måtar å gjere det på hos oss!

Nettsidene

Kvar framsyning har ei nettside med informasjon om framsyninga, skodespelarane og det kunstnarlege teamet. Her finn du som regel også artiklar og film.

Program

Det Norske Teatret har av miljøomsyn gått meir eller mindre over til digitale program. Desse kan du kjøpe på same tid som du kjøper billett på nettsidene våre.
På utvalde framsyningar på Hovudscenen kan du kjøpe programmet i papirformat på teateret.
Digitalt og fysisk program vil vere tilgjengeleg frå premieredatoen.

Podkast

Aktualiserande podkastar finn du her eller der du lyttar til podkast. Kanskje du rekk å høyre ein episode om framsyninga du skal sjå på vegen ned til teateret?

Sosiale media

Du kan også følge oss på sosiale media som Facebook og Instagram for å få innblikk i repertoaret vårt!

Når du kjem hit

Scenane våre

Hovudscenen ligg i andre og tredje høgda. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 15 inne i salen.
Scene 2
ligg i 1U. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 2 inne i salen.
Scene 3
ligg i femte høgda. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 1 inne i salen.
Rommen Scene
ligg på Rommen i Groruddalen. Der er det tilgjenge utan trappar. Les meir her!

Rullestol

Det er trappefri tilgjenge til rad 15 på Hovudscenen, rad 2 på Scene 2, rad 1 på Scene 3 og rad 1 på Rommen Scene.
Dette må ein bestille på førehand på telefon, direkte i billettluka eller ved å sende ein e-post til hei@detnorsketeatret.no

Garderobe

Hovudscenen har ubetent garderobe med låsbare skap i foajéen i første høgda. Skapa er: 54 cm djupe, 43 cm høge og 37 cm breie.
Garderoben blir låst under framsyningane.
Scene 2 og Scene 3 har ubetent garderobe ved dei respektive scenane.
Klede og verdisaker heng der på eigars ansvar.
Attgløymde saker blir levert til billettluka.

Servering

Baren i Bikuben i 2. høgda er open før framsyninga og i eventuelle pausar. Det er tillate å ta med seg drikke i plastbeger inn i salen. Du kan også ete middag i Løve Restaurant & Bar i første høgda før framsyninga, og du kan også bestille pausedrikke i baren i Bikuben.
Klikk her for bordbestilling.
Foajébaren og baren på Scene 3 er open før framsyning.

Billettar

Billettluka held ope heilt fram til framsyninga startar. Om du har fått billettar på e-post, kan du vise dei fram på telefonen når du går inn i salen.
Du kan òg skrive dei ut og ta med utskrifta til teateret. Avsendar står som billett(@)detnorsketeatret.no med "Det Norske Teatret stadfesting" i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei@detnorsketeatret.no.
Om du skal hente billettane i billettluka, ligg dei på etternamnet/tlf.nr ditt.
Hugs å ta med relevant legitimasjon/medlemskort.

IR-anlegg for den med nedsett høyrsel

Det Norske Teatret har ikkje teleslynge, vi har IR-anlegg på alle scenane våre.
IR-anlegg er eit alternativ til teleslynge, ofte brukt i lokale der det er mykje elektromagnetisk forstyrring, til dømes frå elektriske gitarar eller lysstoffrøyr.
IR-anlegg har høyretelefonar og kan derfor bli brukt av personar som ikkje bruker høyreapparat med telespole. For best lydoppleving ved bruk av IR på Hovudscenen, anbefalar vi å sitte frå rad 5 og bakover.
Du kan låne ein sendar med høyretelefonar hos oss når du kjem i teateret. Ta kontakt med publikumsvertane våre i foajéen. Har du spørsmål om IR-anlegg kan du kontakte oss på hei@detnorsketeatret.no.

Er det noko meir du lurer på?

Ikkje nøl med å kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller send ein epost til hei@detnorsketeatret.no
Opningstidene finn du her.