Historia

«Lat då stå til!
Lat oss grunnleggje
Det Norske Teatret!»
ropte Arne Garborg i 1912.
Hulda hadde truleg puffa på han:
«Syng ut, du, for du blir truleg hørt!»
Hørt vart ho elles sjølv
– og ikkje minst sett, vil eg tru –
der ho med spelflokken sin
alt var i sving
utover det ganske land
med nettopp å grunnleggje
Det Norske Teatret.
Men grunnsteinane, sa Garborg – kanskje hadde han
det frå Hulda, det òg – grunnsteinane var det
ungdommen rundt om i landet som la
ved sin trong til teater
og ved dei spelstykke-framsyningar
dei sjølve fekk i stand. «

Dette vesle utdraget frå prologen til Halldis Moren Vesaas, skriven til opninga av nybygget i 1985, gjev eit godt bilete av drivkreftene i teatrets historie. Det var og er ein del av ei folkerørsle der vidareføringa av Ivar Aasens målreisingsarbeid var både mål og middel. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det derfor at ein skal «syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by». Å leggje eit nynorskteater til hovudstaden, sjølve senteret for embetsmannskulturen og den dansk-norske språktradisjonen, var sjølvsagt eit vågestykke, men også heile poenget. Det var her striden måtte førast. Og noko mindre enn det smålåtne namnet «Det Norske Teatret» kunne ikkje duge. Inspirasjon til «målteatret» hadde Hulda og Arne Garborg henta i Berlin, frå sine reiser dit i 1890-åra og omgangen med kunstnarar ved «Freie Volksbühne», eit folkeleg selskap for litteratur og teater.

Det Norske Spellaget i 1911.

Det Norske Spellaget i 1911.

DET NORSKE SPELLAGET

Grunnlaget var ein flokk på 13 amatørskodespelarar frå ulike deler av landet som Hulda Garborg samla rundt seg frå hausten 1910. Mellom dei var sunnmøringen Edvard Drabløs som er ein av dei store namna i DN T-soga. Dei prøvde på tre stykke; Ei hugvending av Hallvard Hande, Ervingen av Ivar Aasen og Varg i Veum av Ivar Mortensson Egnund. Frå januar 1911 la dei ut på ein omfattande turné i heile landet under namnet Det Norske Spellaget. Trekkplastra var Hulda Garborg sjølv og den kjende Valdresspelmannen Olav Moe. Turnéen starta i Solør og i avisa «Den 17. mai» stod dagen etterdenne meldinga; «I går kveld spela Hulda Garborg og fylgjet hennar her i Solør. Det store huset var overfylt. Dei spela Ervingen og Ei hugvending. Det gjekk med liv og lyst so fleire gonger var det fagning for opi scene. Daa teppet gjekk ned, vilde fagningi ingen ende taka. For spellaget og landsmålet vart det ein stor siger.» Men spellaget vart òg møtt med pipekonsertar, som i Hamar og Trondheim. Det var lyden av den norske språkstriden.

For si tid var dette eit dristig teatereksperiment, og for det som skulle blir Det Norske Teatret, var det både god propaganda og nyttige røynsler å ta med. Fram til sommaren 1912 hadde dei spelt 200 framsyningar og synt at det både fanst skodespelaremne og publikum for eit nynorskteater.

Hulda Garborg, grunnleggjar av L/L Det Norske Teatret

Hulda Garborg, grunnleggjar av L/L Det Norske Teatret

L/L DET NORSKE TEATRET

vart skipa 22.11.1912. Ihuga målfolk frå heile landet hadde teikna seg for luter à kr 15. Til skipingsmøtet hadde det kome inn kr 11675. Hulda Garborg vart vald til styreformann og den garva skodespelaren Rasmus Rasmussen vart den første teatersjefen. Teatret heldt si kunstnarlege opningi Kristiansand 2. januar 1913 med blant anna «Ervingen» av Ivar Aasen og «Rationelt fjøsstell» av Hulda Garborg på programmet. Desse stykka vart spelt oppover langs Vestlandskysten medan dei øvde inn Arne Garborgs nyomsette «Jeppe på Berget», som fekk premiere i februar og gjorde stor lykke i Møre-byane. Turneen heldt fram over store deler av Sør-Noreg og vart møtt med stort sett gode kritikkar. Berre nokre få stader var det organisert «demonstrasjonar» og overnattingsboikott.

Den offisielle opninga var i Kristiania, 6. oktober same hausten. «Jeppe på berget»i teatersalen i Bøndernes Hus samla konge, statsminister og landets fremste kvinner og menn. I ein kort tale etterpå sa Hulda Garborg mellom anna; «Det er ein draum det som har hendt i kveld – at me hev opna eit teater med norsk talemål i Kristiania og er komne fraa det med livet. (…)» Men ei veke seinare kom reaksjonen. Riksmålsgymnasiastane organiserte den lengste pipekonserten i europeisk teaterhistorie. Det utvikla seg til skikkelege basketak, som enda i politirazzia og arrestasjonar. Og det heldt fram seks kveldar på rad.

STORE PROFILAR

Det første ti-året følgde repertoaret planfast eit nasjonalt mønster. Det vart ført fram ei mengd skodespel frå norsk bondeliv. Anten nasjonalromantiske song- og dansespel som hadde ein rik tradisjon i amatørteaterlaga, romantiske sogespel eller realistiske problemstykke med forsøk på psykologisk karakterskildring. Det var sjølve det bondenorske – både miljøet og psyken – som bokstaveleg tala fekk munn og mæle på scenen. Og ensemblet fann fram til ein bonderealistisk stil som verka ekte. Men ensemblet utvikla òg ein markant profil som ein ikkje fann på noko anna norsk teater, og utvikla særmerkte skodespelarar som t.d. Lars Tvinde og Edvard Drabløs, og etter kvart Tordis Maurstad og Astrid Sommer. Tilsetjinga av Agnes Mowinckel som fast instruktør i 1923 er eit kunstnarleg tidsskilje i historia til Det Norske Teatret. Med 13 oppsetjingar etter kvarandre innførte ho ein moderne og profesjonell regikultur og eit nytt repertoar som drog unge og spennande krefter til teaterhuset. Dessverre hadde ikkje teatret råd å halde på henne, men det var eit løft kvar gong ho seinare gjesta som instruktør og skodespelar, og det gjorde ho medjamne mellomrom med i alt 30 oppsetjingar fram til 1950. Knut Hergel og Hans Jacob Nilsen hadde som teatersjefar i dei neste tiåra også mykje å seie for utviklinga av eit moderne og meir internasjonalt repertoar og eit meir moderne scenisk formspråk. Begge var nyskapande instruktørar. Hergel med monumentale framsyningar som «Medmenneske» og «Antigone», Nilsen med dristige «avromantiserte» versjonar av «Jeppe på Berget» og i ei særstilling «Peer Gynt». Ibsens klassikar med ny musikk av Harald Sæverud fekk premiere våren 1948 og skapte europeisk teaterfurore. Teaterfolk frå fjern og nær kom for å sjå denne dristige nytolkinga og til dags dato er det den oppsetjinga som har ført teatret ut på flest internasjonale gjestespel.

TORMOD SKAGESTAD

Under Tormod Skagestad si lange sjefstid (1960 – 1979) styrkte Det Norske Teatret sin posisjon både kunstnarleg og økonomisk. Klassikarar som Shakespeare, Ibsen, Strindberg, O`Neill, Brecht m.fl. kom i nye og spennande oppsetjingar, ofte med internasjonale gjesteinstruktørar og scenografar som kom med nye og viktige impulsar.

Men det som nok særmerker perioden er at Det Norske Teatret utviklar seg til eit leiande musikkteater i Norden. Internasjonale suksessar som «West Side Story», «Spelemann på taket» og «Mannen frå La Mancha» gav teatret ry, og fleire musikkspel som bygde på norsk materiale, som Prøysens «Trost i taklampa» til musikk av Finn Ludt og Falkbergets «Bør Børson jr.» med Egil Monn-Iversen som komponist vart òg dundrande suksessar.

Egil Monn-Iversens sikre nase og breie musikalske orientering var sjølve grunnlaget for denne bevisste satsinga. Musikalane gav teatret eit stort, nytt publikum og styrkte ensemblet. Samstundes vart Scene 2, intimteatret i Rosenkrantzgate, eit begrep for alle som var interesserte i moderne, eksperimentell, europeisk og nordisk dramatikk. Men scenen var også ein stad for ukjende klassikarar, litterære program og barneteater. Scene 2 vart heilt særleg Samuel Becketts teater, gjennom dei personlege tolkingane til Bjørn Endreson.

KULTUR- OG TEATERHUS

Eit anna viktig vendepunkt i teatrets historie er at den «evigvarande» byggesaka endeleg vart ført fram til ein lykkeleg slutt da nybygget stod ferdig i 1985. Det Norske Teatret vart landets største og mest moderne dramatiske teater. Nybygget har gjort det mogleg å utvikle teatret til eit levande kulturhus med aktivitetar for barn, Lunsj&Lyrikk, matinear, konsertar, kunstutstillingar og utleigeverksemd. Men først og fremst har det gjeve teatret tidsriktig speleplass i tre ulike, og på kvar sine måtar, utfordrande scenerom.

Svein Erik Brodal (1979-1990) vidarefører repertoarpolitikken og aukar aktiviteten i det nye huset, med særleg vekt på nye norske stykke og nye røyster i verdsdramatikken. Han fekk elles oppleve to av de største musikalsuksessane i teatrets historie, «CATS» (1985) og «Les Miserables»(1988) som båe gjekk for fulle hus i nesten eitt år.

I Otto Homlung (1990-97) og Vidar Sandem (1997- 2010) sjefsperiodar har teatret halde fram med å utvikle profilen til dei tre scenane. Prøvesalen er staden for den meir eksperimentelle dramatikken. Her set teatret opp ny norsk dramatikk og dramatikk som prøver ut nye former. På Scene 2, er fokuset ny dramatikk generelt og nytolkingar, men med noko breiare profil enn på Prøvesalen. Dei seinare åra har vi òg fått fram nyskrive barneteater i eit mindre format på denne scenen.
Erik Ulfsby tok over som teatersjef frå 2011 og Prøvesalen vart Scene 3; ein arena for store opplevingar i lite format.

På Hovudscenen blir det måla med breiare pensel. Her får publikum møte klassikarane og oppleve internasjonale instruktørnamn som med nye auge og kritisk blikk set i scene dei kjende historiene, og her får dei moderne og samfunnskritisk underhaldning. I tillegg har musikalen sin sjølvsagde plass her, og særleg er det dei siste åra satsa på nyskrivne norske musikalar og store, nyskapande familieframsyningar.

Skodespelarane på Det Norske Teatret bruker sin eigen språklege bakgrunn saman med nynorsken og har på den måten utvikla eit frodig og ofte dialektnært scenespråk som kjem publikum i møte i pakt med dei beste tradisjonane til teatret.

JON FOSSE

Jon Fosse sitt første skodespel, og kanskje det internasjonalt mest spelte, «Nokon kjem til å komme», hadde urpremiere på Det Norske Teatret 26.04.1996. Seinare har teatret hatt urpremiere på fire Jon Fosse-stykke, «Ein sommars dag» i 1999, «Vakkert» i 2001, danseteatret «3ogtosaman» i 2001 og «Rambuku» i 2006. Elles sette teatret opp «Sonen» i 2003. Jon Fosse har og gjort ei rekkje omsetjingar og sjølvstendige bearbeidingar for Det Norske Teatret.

Teatret har tre gonger det siste tiåret gjesta den viktige tyske festivalen i Wiesbaden, («Neue Stücke aus Europa» tidlegare kalla Bonner-biennalen); «Ein sommars dag» av Jon Fosse, regi Gunnel Lindblom i 2000, «Vakkert» av Jon Fosse, regi Kai Johnsen i 2002 og «Ned til sol»av Erlend Sandem, regi Eirik Nilsen Brøyn i 2006.