Tor Jonsson

Lesingar av Tor Jonsson-tekstar lagt til rette for scenen av Ingrid Weme Nilsen.

I høve 100-årsmarkeringa for diktaren Tor Jonsson les vi eit utval av hans dikt.

TOR JONSSON

Diktaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951) voks opp under vanskelege og fattigslege kår på ein husmannsplass i Lom og var heilt frå barndommen merkt av bitre barndomsopplevingar frå den sterkt klassedelte heimbygda. Kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet er da også eit viktig tema i diktinga hans. Omgrepet «Bygdedyret» kjem frå hans kvasse penn, men han har òg skrive nokre av våre vakraste kjærleiksdikt. I heile sitt vaksne liv sleit han med rus og depresjonar, sjølv om han opplevde stor framgang og anerkjenning som forfattar. Viktige utgjevingar kom posthumt, han fekk også Kritikarprisen fem år etter at han døydde.

 

NÅR  DU  ER  BORTE

 

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
Eg veit ikkje kva det er.

 

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone
og dirrar imellom oss.