≈[Tilnærma lik]

Kva skjer når marknaden styrer alt?

Kva skal til for at eit teaterstykke skal vere vert pengane? Kva er du villig til å gjere for pengar? Kor mykje er du vert?

Alle er like mykje vert, vil du sikkert svare. Men ein direktør i den avblomstrande oljebransjen er til dømes vert 4000 gonger meir i lønn enn ein reinhaldar. I [Tilnærma lik] er skodespelarane merksame på slike skilnader og strekker seg svært langt for at publikum skal få valuta for billettprisen.

Brutal kapitalisme

På scenen møter vi personar som på ulikt vis prøver å tilpasse seg, manipulere eller sabotere det økonomiske systemet. Andrej søker jobbar han ikkje er kvalifisert til. Han vil oppover på den økonomiske stigen. Peter har skjønt korleis han som tiggar skal tilpasse bodskapen for å få mest mogleg ut av gjevaren. Mani studerer økonomisk historie, men har ikkje greie på pengar. Martina jobbar i ein kiosk, et av lasset, men drøymer om å leve som sjølvberga bonde på ein økologisk gard.

 

Menneskeskapt monster

Med mykje humor og skarp brodd viser Jonas Hassen Khemiri korleis det kapitalistiske systemet gjennomsyrer alt frå mellommenneskelege forhold til språk og samfunnsmoral. Den kritikarroste svenske forfattaren og dramatikaren fekk i oppdrag av Stockholmsteatret Dramaten å skrive med utgangspunkt i myten om Frankenstein. Resultatet vart eit intelligent og samfunnskritisk stykke om eit anna menneskeskapt monster; kapitalismen.