Tenk om

Ny musikal frå suksessduoen bak Next To Normal.

Kva har eigentleg dei små vala du gjer kvar einaste dag å seie for resten av livet ditt? Kanskje alt?

Tenk om handlar om ei kvinne – men to ulike skjebnar, to parallelle liv. Kjærleik, miljøkamp – og moderne byplanlegging – er tema i denne ferske New York-musikalen, som er blitt til ei ekte Oslo-historie.

Vi møter Marianne: 38 år gamal byplanleggar som nyleg har flytta tilbake til Oslo etter 10 år og ekteskapshavari i Sogndal. No er ho klar til å starte på nytt og har ein avtale med Liv og Lukas i parken. Liv er barnehagepedagog og naboen til Marianne, dei har nett blitt kjent. Lukas er ein kompis frå studietida og ein engasjert miljøaktivist og husokkupant, som er ei drivande kraft i den folkelege aksjonen «Fjordbyen for alle». Vi følgjer no to moglege utviklingsspor for Marianne – to parallelle livsløp – eitt som Mari og eitt som Anne. Mari blir verande i parken med Liv for å høyre på ein heit gatesongar, medan Anne blir med Lukas på ein punktdemonstrasjon.

Parallelle liv

For Mari/Anne blir dette vegvalet i parken avgjerande.
Mari blir kjent med Johs, som nettopp er komen heim etter sin andre tur for Leger uten grenser. Dei blir gifte og får to søner.

Medan parallellhistoria om Anne tar ein heilt annan veg. Ho får ei kometkarriere som vellukka og målretta byplanleggar saman med Steinar, ein annan studiekamerat og gammalkjærast.
Musikalen vekslar med songar og scenar mellom desse to parallelle livshistoriene.

Suksessduo står bak

Tenk om er den siste musikalen til Tom Kitt og Brian Yorkey, som nett er ferdigspelt på Broadway. Dei stod òg bak suksessen Next to Normal som fekk sin Europapremiere på Det Norske Teatret med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla. For denne produksjonen fekk dei strålande kritikkar, Pulitzerpris og Tony Award. Broch innkasserte ein Heddapris for hovudrolla. Også denne gongen er Det Norske Teatret først ute i Europa.

Alder:
Lurer du på å ta med familien, kan framsyninga passe for vaksne, og barn frå 12 år.