Sweeney Todd

Det er paibacktime på Hovudscenen.

Hemnen er søt – og du har aldri smakt søtare pai!

Sweeney Todd er ei herleg bloddryppande historie om den hemntørstige barberaren i Fleet Street. Ved hjelp av sitt reiskap – barberkniven – skal Todd no rydde opp i gamal urett. I lag med kompanjongen Mrs. Lovett opnar han ei uhyggeleg blanding av barbersjappe og pai-restaurant. Todd blir etter kvart ein respektert barberar, og ingen spør kor kundane hans blir av – men som det heiter i sluttsongen i 1. akt: Alle blir servert. I teatersjef Erik Ulfsby sin regi og den mektige musikken til Stephen Sondheim, er det duka for ei velsmakande og morosam musikaloppleving på Hovudscenen. Vel bekomme!

Løft no kniven høgt, Sweeney!
Høyr han synge «Ja»!
La moralen smake på
ditt kvasse blad

Stjernelag

Eit stjernelag står på scenen: Frank Kjosås i tittelrolla som Sweeney Todd, Charlotte Frogner er husfrua hans, Mrs. Lovett, og Silya Nymoen har ei forteljar-rolle, noko som er nytt i denne versjonen.

Sweeney-Todd-scenebildeSkrudd univers

Stephen Sondheim er ein meister i moderne musikkteater, tekstforfattar i West Side Story, men mest av alt ein allsidig komponist som Det Norske Teatret mange gonger har kunna glede publikum med. Til å skape den rette stemninga er Arne Nøst hyra som scenograf, medan Ingrid Nylander står for kostyma, slik dei gjorde på suksessframsyninga Shockheaded Peter. Saman har dei skapt ei atmosfære og eit univers som legg vekt på teaterleiken. Det vil bli både fargesterkt, skrudd og fullt av overskot. Det er berre å sjå fram til vårens knivskarpe thriller med skrekkblanda fryd.

Alder:
Vi tilrår framsyninga frå 13 år.

Forsmak på musikken

Sjå Charlotte Frogner som Mrs. Lovett og Frank Kjosås som Sweeney Todd på forsmaken 26. februar, 3 veker før premiere:

Høyr på musikken frå filmen Sweeney Todd