Sorga kler Elektra

  • Scene : SCENE 2
  • Varigheit : 3 TIMER 15 MIN (INKL. 2 PAUSAR)
  • Pris frå: 210 ,-

Ei mørk elv av farlege kjensler.

Eirik Stubøs genistrek av ei musikalsk teaterframsyning blandar familietragedie med liveframførte jazzlåtar.

Kritikarjubel og to Heddaprisar følgde i kjølvatnet av premieren i 2012. Vi får eit gjensyn med framsyninga, som kjem rett frå Bergman-festivalen ved Dramaten i Stockholm, med nokre få eksklusive framsyningar hausten 2016.

Knallsterke skodespelarprestasjonar og ein samspelt jazztrio i scenebildet gir ei gripande og annleis oppleving av Eugene O´Neills lagnadsdrama basert på Orestien av Aiskylos. Torbjørn Eriksen og Gjertrud Jynge stakk av med Heddaprisen for Årets beste mannlege og kvinnlege birolle/medspelar 2012 for sine glitrande og intense rolletolkingar.

Moderne tragedie

Sorga kler Elektra er ein gresk tragedie lagt til moderne tid. Familiedramaet som utspelar seg under den amerikanske borgarkrigen, følgjer intrigen hos Aiskylos. Men der antikkens dramatikar reflekterer grunnleggande endringar i den Athenske bystaten, er det hos O’Neill det tidlege 1900-talets interesse for psykoanalysen og det uutgrundelege, svarte undermedvitet vårt som gir handlinga dramatisk tyngd.

Giftig familiesjalusi

I O’Neills stykke er vi i den amerikanske borgarkrigen i åra 1865 og -66. Brigadegeneral Ezra Mannon og sonen Orin vender heim frå krigen. Heime ventar Christine og dottera Lavinia, men der er ikkje alt som det skal. Ekteskapet er i oppløysing, og Christine har forelska seg i sjøkapteinen Adam Brant, som har eit nedarva horn i sida til den stolte Mannon-familien. Saman planlegg dei å utnytte Ezra Mannons hjartesvikt og tar livet av han. Dottera Lavinia har gjennomskoda det heile, og saman med Orin følgjer ho etter sjøkapteinen og drep han om bord på skuta hans. Når Christine får høyre dette, bryt ho saman og skyt seg sjølv, sonen Orin går same vegen når søstera avviser han og ikkje vil ofre livet sitt på han.

Så mykje hat, så sterke kjensler, så mykje død

O’Neill ligg tett på Aiskylos sitt klassiske drama. Både Christine og Klytaimnestra hatar, av ulike grunnar, ektemannen og drep han når han kjem heim frå krigen. Lavinia er som Elektra svært knytt til far sin og hatar mor si; for Lavinia blir dette hatet styrkt av ein sjalusi som gjeld elskaren til mora, som viser seg å vere son til ein halvbror av faren og svært biletlik familieoverhovudet. Orin, med eit namn som minner om Orestes, elskar mora og deler lett søstera sitt hat mot elskaren. Etter at mora er død, overfører han denne kjærleiken på søstera.

Stilsikker regissør

Teatersjef ved Dramaten i Stockholm, Eirik Stubø, har tidlegare gjesta Det Norske Teatret mellom anna med Andromake, som han i 2009 vann kritikarprisen for, i lag med Rosmersholm. Stubø har fleire Heddapriser på hylla, og er i tillegg ein av dei få i verda som har hausta den høgthengande amerikanske teaterprisen OBIE-award for Vildanden i 2006.

Musikken i framsyninga: