Skål for dommedag!

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: 9. september 2017

Før verda går under, må vi ta oss ein skikkeleg fest.

Skål for dommedag av den belgiske dramatikaren Michel de Ghelderode (1898-1962) skildrar eit samfunn på randen av samanbrotet. Stykket er kanskje betre kjent som Le Grand Macabre som i Ligetis opera over stykket. Det skriv seg inn i ein surrealistisk og absurd teatertradisjon der stemninga svingar mellom det humoristiske og det dystert burleske, det groteske og det oppstemte, som i måleria til dei flamske renessansekunstnarane Bosch og Brueghel. Handlinga går da også føre seg i Bruegelland.

Gløymer dommedag

Nekrotezar er sendt frå Gud med oppdrag om å utslette menneskeheita. Han trugar med at han vil knuse dei i løpet av natta, og panikken grip om seg. Men Nekrotezar frys på beina og for å varme seg får han raudvin. Med undergangen går det ikkje heilt som planlagt for han hamnar rett og slett på fylla og gløymer det heile. Da han vaknar, i sterk bakrus, ser både han og alle andre at verda vaklar vidare, sjølv om nokre galne rådgjevarar ved hoffet har vore nære på å køyre henne i grøfta.

Angsten for døden

Stein Winge har eit nært forhold til denne særeigne dramatikaren, som skreiv likemykje for marionettar som for levande skodespelarar. Han har tidlegare sett opp Barabbas (1981) og Pantagleize (1986). – Døden, eller angsten for døden, går aldri av moten, seier Winge. Redsle for endetid er sanneleg både aktuelt og alvorleg nok i våre dagar, men Ghelderode svarer ikkje med frykt, heller med galgenhumor; hald hovudet kaldt og ta gjerne eit glas for mykje, sjølv om verda trugar med å gå av hengslene.