Shockheaded Peter

VINNAR AV HEDDAPRISEN OG KOMIPRISEN 2014

Denne bejubla framsyninga er noko så uvanleg som ein barnemusikal for vaksne - eit mørk og makabert univers der det går riktig ille for barn som ikkje gjer som foreldra deira seier. Shockheaded Peter er eit herleg ukorrekt pusterom, som snur opp ned på det meste av notidas rosenraude versjon av det å bli forelder.

Shockheaded Peter byggjer på ti små historier skrivne av den tyske psykiateren Heinrich Hoffmann i 1845, kalla Der Struwwelpeter – Busteper på norsk. Boka var ein reaksjon på den snille og pedagogiske måten å oppdra barn på, og framsyninga kan bli eit befriande friskt pust for dei som synest at barneoppdraginga i dag er lulla inn i litt for mykje kos og frie tyglar. Dette handlar om dei slemme barna, om alle dritungene, om alt du eigentleg tenkjer om barn – men aldri har tora å seie høgt; nemleg at barn syg pengane, kjærleiken og livskiten ut av deg.

fra-stykke-shockheaded-peter-speil-det-norske-teater

Shockheaded Peter er ein barnemusikal for vaksne i eit mørkt, humoristisk og morbid univers!

Kultmusikal

Stykket demonstrerer at det ikkje er grenser for kva musikalar kan handle om. Shockheaded Peter hadde premiere i England i 1998, og blei raskt ein internasjonal suksess. Den britiske duoen Julian Crouch og Phelim McDermott henta fram historiene frå den tyske barneboka Der Struwwelpeter, sette den inn i ei rammeforteljing om eit barnlaust par som til slutt får ønsket sitt oppfylt og tilførte ein god dose humor og brutalitet. Resultatet er ein musikal som snur om på det meste av notidas rosenraude versjon av det å bli forelder.

Horror og humor

Den originale tyske barneboka Der Struwwelpeter møter her den britiske nonsens-tradisjonen, og kombinasjonen gjer Shockheaded Peter til ei kvikk blanding av sanningar, grufullheiter og vidd. -Ei humoristisk og grotesk barneforteljing for vaksne. Her går det riktig gale for barn som ikkje kan oppføre seg. Han som syg på tommeltotten får fingeren kutta av, slemme gutar blir overmanna av dei som er verre og dei som leikar med fyrstikker, set til slutt fyr på seg sjølve og blir til eld og oske. Kort sagt – det vi i oppheita augneblinkar kan komme i skade for å truge barna våre med – det skjer faktisk.

Om slemme barn – for snille foreldre

Shockheaded Peter byggjer på ti små historier skrivne av den tyske psykiateren Heinrich Hoffmann i 1845, kalla Der Struwwelpeter – Busteper på norsk. Boka var ein reaksjon på den snille og pedagogiske måten å oppdra barn på, og framsyninga kan bli eit befriande friskt pust for dei som synest at barneoppdraginga i dag er lulla inn i litt for mykje kos og frie tyglar. Dette handlar om dei slemme barna, om alle dritungene, om alt du eigentleg tenkjer om barn – men aldri har tora å seie høgt; nemleg at barn syg pengane, kjærleiken og livskiten ut av deg!

Musikalsk cocktail

Shockheaded Peter overskrid musikalen som sjanger. Musikken er ein miks av sirkus og kabaret. Vi har sett fleire eksempel dei seinare åra på at musikarar frå rockeverda blir henta over til musikkteaterscenen. Robert Wilsons samarbeid med Tom Waits er velkjend og her heime har Kaizers Orchestras musikk gått til scenen i Sonny på Rogaland Teater. Bak musikken i Shockheaded Peter står det aparte skranglebandet The Tiger Lillies.

I spissen for bandet står Espen Beranek Holm. Vidar Magnussen losar oss gjennom villskapen i rolla som seremonimester. Teatersjef og regissør Erik Ulfsby og samarbeidspartnarane hans har laga ei framsyning som blandar fleire sjangrar. Kostyme, spel og song befinn seg i kryssinga mellom Tim Burtons univers, cabaret-tradisjonen, britisk nonsense og ein mørkare versjon av vår eiga Margrethe Munthe.

Adaptert frå Heinrich Hoffmans The Struwwelpeter.

Opphavleg produsert av Michael Morris for Cultural Industry, london, og utvikla i prøveperioden av Julian Bleach, Anthony Cairns, Tamzin Griffin, Jo Pocock og Graeme Gilmour.

Forlag: Nordiska ApS