Rytmar frå verdsrommet

Heftige rytmar, utanomjordisk spenning og ei kul heltinne er ingrediensane i vårens astronomiske teateroppleving for barn og familiar.

I Rytmar frå verdsrommet er vi i eit land der rytmar er forbode, og berre monoton musikk med ei tone er lov. Rådsformannen, som har makta i landet, er livredd for å miste kontrollen, og med musikk veit ein jo aldri, ein kan bli bergtatt, kan begynne å danse, improvisere, tøyse, sleppe kjenslene laus. Alt dette og meir til skjer i dette nyskrive stykket for barn – ein visuell teaterleik der bilete og rytmar tar heilt av.

 

Tromskip og trommonaut

Her er det ho bur, heltinna vår. Ho heiter Mikkmikk, og ho interesserer seg for stjerner og planetar. Og ute i verdsrommet er eit tromskip på veg, ein romfarkost som blir driven av tromming. Ein trommonaut  fører tromskipet mot planeten vår, det blir nesten ramma av ein asteroide som no trugar jorda. Tromskipet krasjlandar i hagen til Mikkmikk og far hennar. Trommonauten blir tatt til fange av musikkovervakinga, men han  kjem seg unna og gøymer seg. Han heiter Perk, han møter Mikkmikk i skogen, og overraskande nok forstår ho språket hans. Han trommar i staden for å snakke. Mor til Mikkmikk, som er død, hadde lært henne dette språket. Perk og Mikkmikk skal saman prøve å frelse planeten frå asteroiden som er på veg, men ingen vil høyre om faren som trugar. Og iallfall vil dei ikkje høyre på nokon som nyttar musikk i staden for ord.

Rytmar-fra-verdsrommet1Produsert av Det Norske Teatret i samarbeid med Peter Baden Productions, som er støtta av Norsk Kulturfond og Fond for lyd og bilde.

Nettsida til konsertversjonen av framsyninga rytmerfraverdensrommet.no