Påfuglen

Familiemusikal

Underhaldande og fargerikt om urettferd.

Vi følgjer ei fattig påfuglmamma (Heidi Gjermundsen Broch) og ungane hennar. Med draumen om ei betre framtid reiser ho til landet langt unna der Labradoren lever i velstand med kvalpen sin. Det er ikkje berre enkelt å skulle finne plassen sin i ein ny kultur med uvande skikkar og eit anna temperament. Men livet er heller ikkje utan utfordringar for hundane. Dei strevar med å få tida til å strekke til i ein hektisk kvardag.

 

Fleire kulturar

Påfuglen er ei fargerik, humoristisk og musikalsk fengande framsyning som som også tematiserer kor vanskeleg det kan vere å skulle leve saman. I dag lever ulike kulturar, religionar og folkeslag tett på kvarandre. Framsyninga syner med brodd og humor korleis det å komme nærare kvarandre kan verke både skremmande og tiltrekkande.

Suksess i Trøndelag

Etter urpremieren på Trøndelag Teater hausten 2015 fekk framsyninga strålande kritikkar. Påfuglen er blitt nominert til Heddaprisen og Ibsenprisen og er blitt kåra til Årets framsyning i Adresseavisa. No tar regissør Tyra Tønnessen framsyninga med seg til Det Norske Teatret der den når Hovudscenen i ein bearbeidd og utvida versjon. Jovan Pavlovic som har skrive musikken har musikalske røter i tradisjonane til romfolket.

Passar for familiar og barn frå 6 år.

Feire barnebursdagen på Det Norske Teatret!

bursdag-i-foajeen