Omvising

  • Scene : Omvising
  • Varigheit : 1 time
  • Pris frå: 60 ,-

Korleis ser Noregs største og mest moderne teaterhus ut frå innsida?

På våre populære omvisingar får du oppleve ein travel og spennande teaterkvardag frå innsida.

På omvising vil du få eit historisk tilbakeblikk på stiftinga av Det Norske Teatret og korleis eit nytt teaterhus blei reist. Du får bli med bak kullissane i eit levande teaterhus med fire scenar, prøvesalar, lydstudio, verkstader (målarsal, snikkarverkstad, kostymeavdeling, maskeavdeling og smie) – og ein av Nord-Europas største vareheisar!

Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og at det nokre gonger er restriksjonar på kor ein kan ferdast.

OPNE LAURDAGSOMVISINGAR

Kjøp billett på nett på førehand eller i billettluka når du kjem til teateret.
100 kr for vaksne/60 kr for barn og unge opp til 25 år.
Vi gjer merksam på at alle som skal på omvising må ha billett.
Omvisinga tar om lag 1 time, for barn om lag 45 min.

GRUPPER

Vi tar imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar.
Pris pr. person er 100 kr og for skoleelevar 60 kr.
Om gruppa er på mindre enn 10 personar gjeld ein fast pris på 1000 kr. per omvising (600 kr. for skolegrupper).
For gruppebestilling kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no
Omvisinga tar om lag 1 time.