Nadia

Kva er det som driv dei radikaliserte?

Kva gjer at menneske køyrer bilar inn i menneskemengder, skyt ungdom på ei øy eller sprenger seg sjølv og andre i lufta? Kvifor vil unge menneske reise til krig og terror i Syria? Er det idealisme, hat eller spenning som er drivkrafta? Reiser dei til noko, eller frå noko?

I Nadia undersøker vi kva som ligg bak Nadias avgjerd om å reise til Syria. Framsyninga tematiserer radikalisering, spørsmål om identitet, kva det vil seie å høyre til og kva slags livsval unge menneske kan stå overfor.

Internasjonalt samarbeid

Nadia er ein del av samarbeidet i nettverket European Theatre Convention. Teater i Parma, Liege, Braunschweig, Amsterdam og Det Norske Teatret i Oslo har framsyninga på repertoaret i løpet av 2017. I tillegg utviklar prosjektet eit pedagogisk opplegg for rundt 1500 skoleelevar. Elevane arbeider på Facebook med spørsmål knytt opp til tema som er relevante for framsyninga. Hausten 2017 skal skoleelevar frå Akershus samarbeide med elevar frå Liège i Belgia.

Tekstfragment

Framsyninga vår er sett saman av tekstar frå ulike kjelder. Eit felles utgangspunkt for teatra har vore skodespelet Nadia av den nederlandske dramatikaren Daniël van Klaveren. Han har tidlegare tematisert  radikalisering i stykket Jamal og held fram med det i Nadia:

Eg trur det er viktig at vi held fram med å spørje kor radikaliseringa startar. I denne turbulente tida treng vi å vite korleis ungdom blir fenga av ekstreme idear. Kvifor gir desse ideane Nadia ein tryggare plattform i verda enn livet ho allereie lever? Kva er det ho leitar etter?

Sjå nettsida til NADIA for å lese meir om dette samarbeidet

Illustrasjon: Sarah Jonker, De Toneelmakerij, Amsterdam