Lunsj&Lyrikk

  • Scene : FOAJEEN
  • Pris frå: 0 ,-

Lunsj&Lyrikk går føre seg i Bikuben i 2. høgda, den nye scenen i publikumsområdet. Her blir det servert smørbrød, kaffi og heimebakte kaker frå kl. 11.00 kvar dag måndag til laurdag. Lyrikken blir servert kl. 12.00.

I Lunsj&Lyrikk stiller kunstnarar frå teatret eller andre med korte opplesingsprogram på bakgrunn av tema i repertoaret, eigne prosjekt, bokpresentasjonar frå forlag, ideelle organisasjonar og liknande. Lunsj&Lyrikk er eit populært pustehol, det har blitt ein fast møtestad for mange. I 2016 har Lunsj&Lyrikk halde på i 30 år!

 

Lunsj&Lyrikk har tatt sommarferie!

Første Lunsj&Lyrikk etter sommaren er 21. august. Velkommen tilbake!