Krapps siste spole

Kor blei livet av?

Becketts stykke reflekterer over konsekvensen av vala vi tek og ikkje tek, lengt etter kjærleik og smerten ved å leve.

Krapp ser tilbake

Krapp, ein gammal forfattar, ser tilbake på livet og livsverket sitt. Den siste boka hans selte berre 17. eksemplar. Kjærleiken vendte han ryggen for mange år sidan. Synet i ferd med å forlate han. Dagane tilbringar han no åleine, ved skrivepulten. Han sit framfor ein bandspelar med lydopptak av seg sjølv frå tidlegare år. Dette blir han ikkje akkurat lystigare av. Han et bananar, drikk og forsøker å spole over fortida, men innser at den ikkje let seg endre.

Desperasjonen veks medan det blir meir og meir openbert at livet som aldri heilt byrja, no er i ferd med å ta slutt. Han sit igjen einsam, isolert og bitter. Med bandopptakaren som sin einaste venn.

Total einsemd, og kjærleik. Det er det stykket handlar om, etter mi meining. Krapp er som ei demning som kan sprekke når som helst. Og for å unngå det, drikk han.

Bjørn Sundquist

Samuel Beckett og Bjørn

Beckett blir rekna mellom dei framste absurdistane, og det som er mest meiningsberande i stykka hans er kanskje det som ikkje blir sagt. Dette fascinerer Jan Grønli og Bjørn Sundquist, som også er har lange liv å sjå tilbake på. Dette er det andre Beckett-stykket dei to gjer i lag, det førre var Mens vi ventar på Godot i 2013, som også var Sundquists debut som regissør.