Jakob og Neikob

  • Scene : SCENE 3
  • Varigheit : 45 min. (ikkje pause)
  • Pris frå: 120 ,-
  • Premiere: 13. januar 2017

Sjølv om ein er forskjellige, kan ein vere gode venner.

Jakob seier alltid JA til alt, Neikob seier alltid NEI. Men Tjuven bryr seg ikkje om kva nokon av dei meiner, han gjer berre som han sjølv vil.

Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er eit umake vennepar.
Ein dag møter dei den lure Tjuven. Han bryr seg ikkje om kva nokon av dei meiner, han gjer berre som han sjølv vil. Heldigvis finn Jakob og Neikob på noko lurt, og det går bra til sist denne gongen også.

Om vennskap

Jakob og Neikob handlar om vennskap. Og om at ein av og til må utfordre seg sjølv: Jakob lærer at ein av og til må seie NEI, og Neikob lærer at ein av og til må seie JA – elles opplever ein aldri noko nytt!

 

Naivt og fargesterkt univers

Kari Stai talar direkte til dei aller minste i eit språk dei forstår, derfor har ho har lykkast i å lage ein ny klassikar for barn med sine bøker om Jakob og Neikob. Regissør Paul-Ottar Haga har skapt om dei populære forteljingane til ei nær og intim teaterframsyning for dei minste. Bøkene Jakob og Neikob og Jakob og Neikob – Tjuven vender tilbake har blitt til ei framsyning som nyttar både papirdokker, barnetimeinspirerte songar og Stais eigne teikningar i formidlinga hennar fargesterke og naivistiske univers.

Passar for barn frå 3 år.

LES MEIR i ARTIKKELEN UNDER

Animasjonsfilm av boka Jakob og Neikob, produsert av Martine Grande da ho var stundet ved Høgskulen i Volda.

 

Her kan du laste ned boka som app for nettbrett eller telefon.

Feire barnebursdagen på Det Norske Teatret!

bursdag-i-foajeen