Innsikt

Velkommen til Innsikt!

Vi tilbyr eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping i sesongens repertoar. INNSIKT er som oftast knytt til kveldens framsyning og går føre seg i Bikuben eller på Scene 3. Arrangementa er gratis og du treng ikkje billett.

16. MAI KL. 18.45 INTRODUKSJON FØR OVERFØRING

ved Marit Råbu

Korleis har det å abeide meir enn 40 år som psykoterapeut verka på livet til terapeuten? Kva har det gitt? Og kva har det kosta? Var det verdt innsatsen? Framsyninga Overføring hentar stoff frå eit forskingsprosjekt utført av forskar og psykolog Marit Råbu. Ho har intervjua tretten pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. Høyr Råbu introdusere framsyninga i Bikuben.

30. MAI KL. 18.45 INTRODUKSJON FØR OVERFØRING

ved Marit Råbu

Korleis har det å abeide meir enn 40 år som psykoterapeut verka på livet til terapeuten? Kva har det gitt? Og kva har det kosta? Var det verdt innsatsen? Framsyninga Overføring hentar stoff frå eit forskingsprosjekt utført av forskar og psykolog Marit Råbu. Ho har intervjua tretten pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. Høyr Råbu introdusere framsyninga i Bikuben.

7. JUNI KL. 19.45: INTRODUKSJON FØR ETTERLYST: JESUS

ved Olaf Aagedal

Bjørn Eidsvåg vaks opp i bedehuskulturen i Sauda, med flanellograf, basar og store kaffikjelar kombinert med allsong og forkynning. I mange lokalsamfunn er nettopp bedehuset samlingspunktet for befolkninga. Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. Høyr han introdusere Etterlyst: Jesus i Bikuben før framsyninga.