Inkognito

  • Scene : SCENE 3
  • Varigheit : 2 timar 15 min (inkl. pause)
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 29. oktober 2016

Kan hjernen fortelje oss kven vi er?

Tre historier vovne saman over ein periode på 60 år undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

Princeton, New Jersey. 1955: Thomas Harvey har akkurat gjort ein obduksjon av den nyleg avlidne Albert Einstein. Utan å tenkje på konsekvensane, tar han hjernen hans, kuttar han opp i små bitar og konserverer dei på glas. Han håpar å kunne løyse gåta om kvifor Einstein var eit geni gjennom å finne fysiske bevis for dette i hjernen. Dette fører han ut på eit livslangt søk etter ei flyktig sanning som kanskje ikkje finst. Ei vandring der den einaste trufaste følgjesveinen er professorens hjerne.

Bath, England. 1953: Henry Maison, knapt 20 år og trulova, lir av sterke epileptiske anfall. Han blir utsett for eit kontroversielt hjernekirurgisk inngrep i håp om å bli kvitt dei. Operasjonen endrar Henrys liv og nevropsykologien (forsking på minnet) for all framtid. Epilepsien forsvinn, men det gjer òg Henrys evne til å lagre nye minne.

London, England. I dag: Martha Murphy er nevropsykolog. Etter ei skilsmisse tek ho radikalt andre val enn ho gjorde før, og erklærer personlegdommen eller “sjølvet” for ein illusjon.

Nick Payne

Nick Payne (f. 1984, Storbritannia) er ein av dei nye og spennande dramatikarane vi følgjer med på. Han er blitt kjend for å kombinere samfunnsaktuelle tema, ofte frå vitskapen, med kloke observasjonar av oss menneske. Payne skriv gjerne stykka sine basert på research, intervju med vitskapspersonar eller menneske som har erfaringar med eit tema. Inkognito blei til etter at han tilfeldig kom over historia om patologen som stakk av med Einsteins hjerne. Historia om epilepsipasienten er også basert på verkelege hendingar. I 2012 fekk Nick Payne Evening Standard Theatre Award for beste skodespel. Stykka hans har blitt oppførte både på West End og Broadway, med skodespelarar som Jake Gyllenhaal på rollelista.

2. FEBRUAR KL. 19.15: INTRODUKSJON FØR INKOGNITO

ved Kaja Nordengen

Kaja Nordengen er lege og hjerneforskar. I haust gir ho ut boka Hjernen er stjernen – ditt eneste uerstattelige organ. Høyr henne fortelje kvifor hjernen styrer handlingane dine, for eksempel får deg til å forelske deg, eller ta dårlege val – ja, rett ut, korleis hjernen er med på å gjere deg til den du er. Kvifor gjer hjernen som den gjer? Introduksjonen er i Bikuben.

TEATERPODDEN

Regissør Peer Perez Øian og skodespelar Ola G. Furuseth tek ein prat om framsyninga!

Regissør Peer Perez Øian samtalar med forfattar og journalist Hilde Østby og nevropsykolog Ylva Østby, som har skrive boka Å dykke etter sjøhester – en bok om hukommelse. Dei samtalar om kollektiv hukommelse, arv og miljø og kva som kan skje med hjernen når ein er deprimert eller opplever noko traumatisk. Introduksjonen blei halde på kafèscenen i Bikuben – du kan no høyre samtalen i Teaterpodden:

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER