Heddadagene

14 framsyningar - frå heile Noreg!

Heddadagene er ein splitter ny teaterfestival for heile Noreg i Oslo, som blir avslutta med den prestisjetunge Heddapris-utdelinga.

Heile 29 norske scenekunstinstitusjoner står bak HEDDADAGENE. Der dei Heddanominerte blir valde ut av ein samla, uavhengig fagjury, presenterer festivalen eit breitt utval framsyningar som dei ulike institusjonane sjølve har plukka ut som sine foretrekte bidrag. Framsyningsprogrammet og Heddanominasjonene vil samlet sett gi et gi eit godt bilde av det teatermangfaldet som finst i Noreg i dag.

Det Norske Teatret vil vise gjestespel frå Rogaland Teater, Hålogaland Teater/Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Haugesund Teater. I tillegg vil vi vise våre eigne framsyningar Kan nokon gripe inn, Haugtussa, Det merkelege som hende med hunden den natta, Etterlyst Jesus, Inkognito, 11 ÅR, Kalvø – og ikkje minst så blir det eit gjensyn med Sorga kler Elektra som ein del av programmet.

SAMLINGSPLASS UNDER FESTIVALEN:
Det Norske Teatret med sin romslige foaje og Kafe Løve, er sosial samlingsstad under Heddadagene.

Opningstider Løve Kafé & Bar under Heddadagene:
Måndag 12. juni kl. 12.00-16.00
Tysdag 13. til laurdag 17. juni kl. 12.00-01.00

(Kjøkenet ope til kl. 20.00, enkel «teaterplanke» blir servert til kl. 22.00)

Dagens rett til 25% rabatt.

For fullt festivalprogram, sjå heddadagene.no