Halve kongeriket

av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Vinnar av Komiprisen 2016 for Årets sceneforestilling!

Er politikk eigentleg veldig romantisk? Sit det nokon i ein komité på Stortinget som er varme forsvarar av romantikken i politikken, og som til sjuande og sist berre ønsker meir plass til kjærleiken?
Alle hugsar bryllaupet til Haakon og Mette-Marit. Men historia du får servert i Halve kongeriket, har du garantert aldri høyrt før.

Sjå utdrag frå framsyninga:

Toleranse og kongelege bryllaup

Dette kollektive bryllaupsminnet er eit viktig omdreiingspunkt i Halve kongeriket. Korleis er slike storhendingar med på å definere kven vi er og kven vi vil vere? Korleis har denne augustdagen i 2001 dytta samfunnet og oss alle bittelitt framover og gjort oss til bittelitt betre menneske? Er vi komne så langt i dag at vi hadde godtatt kven som helst på slottsbalkongen? Musikalen fortel historia om korleis det norske samfunnet kunne ha utvikla seg om noko heilt anna hadde skjedd den gongen i 2001. Are Kalvø testar toleransen i det norske folk ved å skrive alternative historier om tronarvingen sitt val av livspartnar.

Meir plass til kjærleiken

Heltinna i vår historie er Anne frå Søndre Gløpen kommune. Ho er politikar, nyvald på Stortinget som den første frå sitt distrikt og hamnar i Kontroll- og konstitusjonskomitéen. For Anne er politikk synonymt med dette: Å gjere folks liv fritt for andre bekymringar, slik at det blir meir plass til kjærleiken. Hennar ideal er dei politikarane som i si tid oppheva den såkalla Konkubinatparagrafen: Kapittel 18, § 22 i kriminallova av 1842. Opphevinga av denne lova gjorde det lovleg for ugifte par å bu saman. Kan ho i lag med Martin Kolberg og dei andre i Kontroll- og konstitusjonskomitéen gi meir plass til kjærleiken? Også for dei kongelege? Kan dette vere Annes ”Konkubinatparagraf”?

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Halve kongeriket er ein splitter ny musikal av, men ikkje med, Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. To rappkjefta og språkleg finurlege humoristar, drivne i komediesjangeren. Det var leiting etter romantikken i politikken som skulle føre dei to saman. Eit opplagt ensemble glir inn og ut av meir enn 50 roller; som både kjende og mindre kjende politikarar, kongelege og andre kjendisar. Resultatet kan vi no sjå på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Alder:
Lurar du på å ta med familien, passar framsyninga for vaksne og barn frå 12 år.