Terningkast fire

latterkuler i bomberegn

opplagt og velspilt forestilling til å humre og le av

Vårt Land

Om fienden ikkje vil krige, og du ikkje vil krige, kvifor krigar vi da?

Denne absurde klassikaren, i form av ein piknik ved fronten, får fram det meiningslaust komiske ved krigen.

Piknik i bomberegnet

Medan bombene regnar ned over slagmarka, får ein ung soldat besøk av mor og far sin. Dei tenkte det ville vere hyggeleg med ein piknik. Dei dukar seg til med god mat, vin og musikk. For krig er jo kjedeleg i lengda, og dessutan er det slik ein herleg søndag. Når ein soldat frå fienden dukkar opp, blir ho invitert med. Dei har det riktig så triveleg saman, og hugsar ikkje lenger kvifor dei er fiendar. I denne absurde komedien flyt det meiningslause ved krig til overflata.

Dei to soldatane blir einige om å avsløre denne oppdaginga til kameratane sine, slik at alle kan reise heim til sitt. Medan geværskota knatrar rundt dei, skålar frukostgjengen for den geniale planen.

Fernando Arrabal

Fernando Arrabal (1932- ) er ein aktiv dramatikar, forfattar, filmregissør, med over 100 skodespel og sju spelefilmar bak seg. Han har vunne fleire prisar for arbeidet sitt. Skodespelet Frukost i det grøne (Pique-nique en campagne) kom i 1961, og har blitt ståande for sin tydelege anti-krigsbodskap, og blir stadig sett opp i nye versjonar rundt om i verda. Sist Det Norske Teatret hadde skodespelet på repertoaret var i 1973, med regi av Odd Jan Sandsdalen. Denne gongen er det Catrine Telle som som har regien.

Finn ut meir