Terningkast fem

Emil Johnsen framfører monologen med et sterkt nærvær

«Eg har ingen lykkelege minne frå barndommen». Slik byrjar forteljinga, basert på forfattaren Edouard Louis sitt eige liv.

Edouard Louis har tatt Europa med storm og vekt stor merksemd med den sjølvbiografiske debutromanen Farvel til Eddy Bellegueule. Louis skriv ikkje om ein superhelt, eit geni som vil reise vekk frå alt som er kjent. Han skriv om ein ung gut som er villig til å utslette seg sjølv, sin kropp og sin identitet, berre for å få lov til å spele fotball med dei andre gutane. For ikkje å vere annleis. For at far hans ikkje skal sjå på han med hat og forakt i blikket. For at hans eiga mor ikkje skal skamme seg over «jente-guten» sin, ikkje orkar å vere nær han lenger.
Han ville ikkje vere betre enn nokon andre. Han måtte.

Utanforskap

I framsyninga står Emil Johnsen åleine på scenen og fortel historia om Eddy, guten som forsøker å passe inn i det hardbarka miljøet i ein fransk småby. Han gjer opprør mot foreldra og mot samfunnet, som er gjennomsyra av vald, rasisme og fattigdom. Han opplever forakt og mobbing frå sine eigne, og maktar aldri å passe inn. I vaksen alder gjer han eit drastisk val om å skape seg sjølv på ny og bli Édouard Bellegueule.

Farvel til Eddy Bellegueule er blitt ei annleis klassereise, og tek for seg tema som seksualitet, fattigdom, rasisme, kjønn og eksklusjon. Det kunne vore historia til mange andre unge som opplever ikkje å passe inn.

Framsyninga blei første gongen spelt på utestaden Jaeger i Oslo, og er eit gjestespel frå Kjersti Horn, Emil Johnsen, Erik Hedin, Tobias Leira og Emnet Kebreab.

Det er en sjokkerende bok å lese. Man tror at man leser noe fra 50-tallet, det er som å gå inn i en helt annen tid.

Kven var Eddy Belleguele?

- Vi fødes inn i en sosialklasse, som mann eller kvinne, fattig eller rik. Vi har ikke noe valg. Mulighetene for sosial mobilitet er begrenset, sier Louis.

Finn ut meir