Heile verda på ein scene.

I Lufta er for alle møter du 50 barn og unge i alderen 7-21 år, med bakgrunn frå heile verda.

Alle i Fargespill-Oslo har ulik historie og bakgrunn, men når dei står på scenen saman med profesjonelle musikarar blir dei «ein».

Publikum vil få oppleve ei heilt unik framsyning som tek utgangspunkt i kva aktørane gir av seg sjølve i form av musikk, dans, rytmar og andre kunstuttrykk. Saman brukar dei krafta til å redefinere medmenneske som verdifulle ressursar, og skapar nye vennskap på tvers av bydelar og kulturell bakgrunn.

Det er barna og ungdomane sitt fokus på viktige tema som er kjernen i Fargespill-Oslo, og ein av dei som set si stemme på årets framsyning er Leo Hutchinson Waagbø, 14 år, aka Fyah Yardie - kjent frå blant anna MGPjr 2018. Han rappar om at vi øydelegg kloden vår og seier at det er på tide at politikarane høyrer etter.

I årets framsyning tek Fargespill-Oslo med seg den eineståande Miss Tati. I eit spennande møte med Fargespill-gjengen utforskar Tati sine angolanske, portugisiske og norske røter i ei eksplosiv framføring av rap, song og dans.

Stiftinga Fargespill er ein kunstnarleg organisasjon som lagar framsyningar av møte mellom menneske.

Heilt sidan den første framsyninga i 2004 i Bergen, har Fargespill-framsyningane vore forsynte med medmenneskeleg kjernekraft.

I dag har stiftinga verksemd i både Oslo og Bergen, der rundt 100 barn og unge frå 35 land opptrer for publikum eit titals gonger kvart år.

Fargespill har vunne ei rad prisar og i 2018 blei dei nominerte til Nobels Fredspris.

Fargespill-Oslo starta opp i 2017 og hadde si første framsyning Vi på Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2018.