Det merkelege som hende med hunden den natta

Ei gripande forteljing om å tore møte livets utfordringar, korleis handlingane våre får konsekvensar for andre - og om å vere eksepsjonelt god med tal.

Christopher er 15 år, tre månader og to dagar. Han er litt annleis enn mange andre. Han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole. Han kan namnet på alle verdas hovudstader og primtala opp til 7507. Han forstår ikkje metaforar, men blir roleg av å tenkje på at universet er uendeleg. Og han er veldig glad i nabohunden, Wellington. Ei natt, sju minutt over tolv, finn han Wellington brutalt drepen med eit hagegreip, og bestemmer seg for å finne ut kven som har myrda han.

Krimhistorie og familiedrama

Dette blir byrjinga på ei reise som snur opp ned på alt han trudde han visste om menneska som står han nærast. Han, som ikkje likar å snakke med framande, blir under etterforskinga si kjent med alle naboane. Men det merkelegaste er det han finn ut om foreldra sine…

Det merkelege som hende med hunden den natta er ei vakker historie om å tore å sprenge eigne grenser og tore det ein eigentleg ikkje torer, og om korleis handlingar vaksne gjer, får konsekvensar for barna deira.

Frå bok til teater

I Storbritannia blei Det merkelege som hende med hunden den natta gitt ut parallelt både som barnebok og vaksenbok, og vann gjeve prisar i begge sjangrar. I Noreg kom boka ut i 2004 og blei raskt ein suksess her òg. Teateroppsetjinga i Storbritannia hadde premiere i 2012, og hanka inn heile sju Olivier Awards. Vår oppsetjing hadde premiere i 2014, og har no gått for fulle hus i over tre år.

LES MEIR I ARTIKKELEN UNDER